Hopp til innhold

Trafikkulykke i Hareid

Fire personar er frakta til legevakt etter ei trafikkulykke på Grimstad i Hareid.

Trafikkulykke Hareid

Bilen kryssa gangvegen og hamna inn i ein hage etter å ha treft bilen framføre seg.

Foto: Svein Smørdal

Politiet meldte på Twitter klokka 22.00 fredag kveld at ein personbil hadde blitt påkøyrd bakfrå på Grimstad i Hareid kommune.

– Politiet har akkurat kome fram til staden. Det er ikkje så mykje vi veit endå, sa operasjonsleiar Trygve Ødegård til NRK klokka 22.15.

Laster Twitter-innhold

Ifølgje Møre og Romsdal 110-sentral var det brann på staden.

Klokka 22.20 melde politiet på Twitter at dei fire personane som er involverte i ulykka er frakta til lege med lettare skadar.

Trafikken blei dirigert forbi på staden.

Trafikkulykke Hareid

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL