Hopp til innhold

To personar er sendt til sjukehus

Ein bil med fire personar køyrde av vegen i Rauma søndag ettermiddag.

Trafikkulukke i Rauma

Ein bil med fire personar har køyrt utfor vegen på FV64 i Rauma.

Foto: Ottar Rydjord

Ein bil med fire personar har køyrt av vegen på Holmemstranda i Rauma. Politiet fekk melding om ulukka på FV64 klokka 17.38.

– Ut frå kva vi veit no skal det ha vore eitt køyretøy involvert, sa operasjonsleiar Styrkar Gagnat til NRK klokka 17.54.

Alle naudetatar vart sendt til ulukkesstaden. Også eit ambulansehelikopter kom til staden for å hjelpe til.

– Ingen av dei som sat i bilen har fått alvorlege skader, seier Gagnat til NRK klokka 18.30.

To vart sendt til legevakt for sjekk, medan to har blitt sendt til sjukehus i ambulanse.

Det var i ein periode stor kødanning på staden som følgje av hendinga.

– Trafikken vert hindra i begge retningar, men vi reknar med dette vil løyse seg så snart bergingsbilen er på plass, sa operasjonsleiaren.

Like over klokka 19 opplyste politiet om at vegen var open for fri ferdsel igjen.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL