Hopp til innhold

Trafikkuhell i Rauma

Politiet melder at ein bilførar har køyrd av vegen ved Langfjordsstranda i Rauma. Politi og ambulanse er på veg til staden. Skadeomfanget er så langt ukjent, men ifølge politiet skal det truleg ikkje vere snakk om alvorlege personskadar.