Hopp til innhold

Trafikkfarleg motorhavari

Eit utanlandsk vogntog har fått motorhavari like ved Valgermo i retning opp mot Ørskogfjellet. Politiet seier vogntoget står i ein sving og er farleg for andre bilistar. – Det er innsnevra vegbane, og trafikantane må vere obs, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til NRK. Politiet er på veg til staden. – det er visse språkproblem, og vi vil forsikre oss om at sjåføren har bestilt bergingsbil, slik han hevdar, seier Sætre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL