Havforskarane
Etter det NRK kjenner til blir dette hovedkonklusjonen når forskarane torsdag legg fram resultatet av årets vintertokt i Barentshavet.
Den svake rekrutteringa av fisk betyr mørke utsikter for kvotane dei næraste åra.
Svake årgangar
Dette bilete stemmer godt med at gytinga gå svake årgangar i 1999 og 2001, og berre ein middels årgang i 2000.
Dermed vil tre årsklasser av fisk som no startar å nå fiskbar storleik, vere svake i utgangspunktet.
I tillegg vil dei svake årgangane bli utsett for fiskepress.
Storfiske
Her vil mange innvende at forskarane kom med dystre spådomar for eit par år sidan, og likevel er resultatet blitt eit storfiske i dag.
Men forklaringa på dette kan vere at dagens fiske foregår på "sju-åringar", dvs. gyteårgang 1997. Då var bestanden rekordstor og ga så god tilgang på mat at den overlevde fiskepress, og er hovudgrunnen til det gode fisket i dag.