Hopp til innhold

Tømmerdal trekkjer rådmannssøknad

Ordførar Bjørn Tømmerdal trekkjer søknaden sin som rådmann i Ålesund. Det sa han under bystyremøtet torsdag kveld.

Bjørn Tømmerdal

Ordførar Bjørn Tømmerdal i Ålesund trakk overraskande søknaden sin til stillinga som rådmann.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Det som skulle vore eit vanleg bystyremøte i Ålesund tok ei uventa vending torsdag kveld. Debatten om konstituering av mellombels rådmann gjekk høgt og kulminerte altså med at rordføraren trekte seg som kandidat – frå talarstolen i bystyret.

Det vekte stor merksemd då Høgre-ordføraren tidlegare i haust lanserte seg sjølv som kandidat til den ledige stillinga som rådmann i Ålesund.

Ville leie arbeidet

Noverande rådmann Jarle Bjørn Hanken sa tidlegare i haust opp stillinga si i Ålesund. Under dagens bystyremøte skulle politikarane avgjere om Tømmerdal kunne leie arbeidet med å finne ein konstituerande rådmann, når han sjølv var søkjar til stillinga.

Tømmerdal har ønskt å leie dette arbeidet, men fekk motbør frå Knut Fylling i Frp som meinte ordføraren var inhabil. Han fekk ikkje støtte i bystyret som gav Tømmerdal full tillit i arbeidet.

Overraska partifelle

Monica Molvær

Partifelle Monica Molvær var ikkje klar over at ordføraren kom til å trekkje søknaden sin.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Kirsti Dale

Kirsti Dale frå Venstre er overraska over at ordføraren trakk seg som kandidat.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
Tore Johan Øvstebø

Tor Johan Øvstebø frå KrF

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
– Vi har nettopp fått vite det, og kan ikkje gjere anna enn å ta dette til orientering. Det seier bystyrerepresentant Monica Molvær frå Høgre.

–Er du overraska?

–Ja, eg må seie at eg er det. Men no må vi berre ta prosessen som den er og halde fram i jakta på den beste rådmannen for Ålesund kommune, seier Molvær.

Meiner Tømmerdal blei mobba vekk

Knut Fylling

Knut Fylling meiner han ikkje hadde gjort jobben sin om han ikkje hadde påpeikt det prinsipielle i saka.

Foto: Trond Vestre / NRK

–Eg syns det er veldig synd, seier Kirsti Dale frå Venstre. Eg syns han var ein veldig god kandidat til stillinga. At han trekker seg no blir eit tap for byen.

Det har vore ein habilitetsdiskusjon om Tømmerdal som ordførar og rolla hans i arbeidet med å finne ein ny rådmann. Dale meiner denne diskusjonen kan vere grunnen til at han no har trekt seg.

– Eg syns at slik den blei lagt opp så var agendaen å vise at dette var ein kandidat som ikkje var ønska. Eg meiner det var mobbing.

– Ikkje meint som mobbing

– Eg beklagar at han trekkjer seg på grunn av dette, men respekterer at han har trekt seg, på same måte som eg respekterer at han søkte i første omgang.

Det seier Knut Fylling frå Framstegspartiet som stod bak spørsmålet som sette fyr i debatten.

Fyllling seier han meiner det var prinsippielt problematisk at ordføraren som søkar skulle ha ansvaret for konstitueringa.

– Eg meinte dette var så problematisk at eg ville ikkje gjort jobben min dersom eg ikkje hadde tatt dette opp. Men bystyret var usamde med meg og meinte eg var slem, så det får eg berre ta til vitande, seier han.

– Kiristi Dale karakteriserer debatten nærmast som mobbin av Tømmerdal, kva er din kommentar til det?

– Det var det ikkje. Eg prøvde å halde meg på eit sakleg nivå og snakke om det prinsippielle i dette. Om ho har oppfatta det som mobbing seier eg meg lei for det, det var det ikkje meint som.

– Lei for at det skjedde slik

– Dette kom som lyn frå klar himmel, seier Tor Johan Øvstebø frå Kristeleg Folkeparti. Eg er veledig overraska, og eg syns det var leit at det skjedde på denne måten.

Øvstebø har forståing for at debatten var krevjande for Tømmerdal, men meiner han fekk rikeleg med støtte under vegs.

–Eg meiner han fekk veldig mykje støtte gjennom saksbehandlinga, mellom anna ved at eit samle bystyre gav han den tilliten at han skal få peike ut ein konstituerande rådmann. Så kvifor han har reagert så sterkt på den diskusjonen, veit eg ikkje.

Han meiner likevel at saka kom heilt ut av proporsjonar.

– Saka blei blåst opp til upassande dimensjonar i bystyret, seier Øvstebø

Vil ikkje kommentere

Tømmerdal ville ikkje kommentere saka vidare til bystyret sine medlemmar og forlèt salen rett etter møtet. Det har heller ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå Tømmerdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL