Hopp til innhold

– Eg føler ikkje at det er ein festdag i år

På Haramsøya på Sunnmøre står nokre flaggstenger tomme på nasjonaldagen. Årsaka er striden om eit vindkraftverk på øya.

17. mai på Haramsøya.

Det var pynta til 17. mai og hengt opp flagg langs vegane på Haramsøya, men fleire av vindkraftmotstandarane valde å ikkje flagge i dag.

Foto: Hakon Akselsen

NRK gjer merksame på at to av bileta som først blei brukt i artikkelen er fjerna etter publisering. Det første biletet viste fleire hus som i ettertid viste seg ikkje var relevante for saka. Biletet blei fjerna etter kort tid då redaksjonen blei merksame på dette. Eit anna bilete viste eit hus der eigaren ikkje var heime på dagen. Det første biletet blei fjerna mindre enn ein time etter publisering 17. mai. Det andre blei fjerna 31.mai.

Over heile landet blir det norske flagget heist til topps i dag. Men på Haramsøya på Sunnmøre er situasjonen annleis.

– Eg føler ikkje at det er ein festdag i år, seier Lisbeth Marie Austnes. Ho er leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøya» og vel å ikkje flagge på 17. mai i år.

Fredag slo Møre og Romsdal tingrett nemleg fast at løyvet til å bygge åtte vindturbinar på Haramsfjellet er gyldig, og arbeidet kan dermed halde fram for fullt. Det blei eit nederlag for dei som har kjempa mot prosjektet.

– Ikkje ein dag for feiring

Vindkraftmotstandarane hadde på førehand varsla at dei ikkje ville flagge på nasjonaldagen dersom dei tapte saka mot staten og Haram Kraft AS. Og nokre har difor valt å ikkje flagge i dag.

Lisbeth Marie Austnes

Lisbeth Marie Austnes seier at dei nakne flaggstengene på Haramsøya er ein måte å vise kor skuffa dei er over tapet i retten.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Alle er glade i landet sitt, det er ikkje det. Men 17. mai er tradisjonelt ein dag for feiring, og det er fleire som føler at det ikkje er så mykje å glede seg over i dag, seier Austnes.

– Dei er i sorg og dette er ein måte å uttrykke det på, held ho fram.

Ho seier vidare at det er heilt frivillig om folk vil flagge eller ikkje og vektlegg at ho har stor forståing for dei som gjer det. Austnes fortel at rundt der ho bur, på naboøya naboøya Longva, så har nokre valt å flagge, medan andre har latt vere.

– Det er ikkje ein aksjon, så alle må gjere det som følast rett for dei. Eg veit at det er folk som har valt å flagge sjølv om dei er skuffa over avgjerda i retten, seier Austnes.

Etter publisering har NRK blitt kontakta av personar som fortel at det også var mange på Haramsøya som valde å flagge i dag.

Haramsøya 17. mai.

Det var hengt opp flagg langs vegen på Haramsøya. Nokre valde å flagge, medan andre let vere.

Foto: NRK

Vurderer å anke saka

Styreleiaren fortel at motstandarane av anlegget har tatt tapet i retten tungt, sjølv om dei var førebudd på at det kunne gå den vegen.

17. mai på Haramsøya.

Det var pynta til 17. mai og hengt opp flagg langs vegane på Haramsøya, men fleire av vindkraftmotstandarane valde å ikkje flagge i dag.

Foto: Hakon Akselsen

– Det er ei matt stemning. Folk er skuffa, så eg trur dei treng litt tid til å sørge og samle seg igjen, seier ho.

I tillegg til tapet må dei også betale nesten ein million kroner i sakskostnader.

Så langt har saka ført til tre rundar i retten og kosta motstandarane utgifter på rundt 4,5 millionar kroner. Austnes seier at dei så langt ikkje har bestemt seg for om dei skal anke saka.

– Det er eit stort spørsmål, både økonomisk og med tanke på arbeidsmengda. Tida går og dei får bygge uansett. Vi må vurdere kva vi oppnår med å anke, men det kan hende vi tek saka vidare av reint prinsipielle grunnar, fortel ho.

Austnes seier at styret også må diskutere saka med advokatane deira, før dei konkluderer. Men ho vektlegg at det ikkje er aktuelt å gi opp kampen.

– Uretten er så stor at vi kan ikkje gi oss. Vi kjem til å halde fram med å leite etter utvegar, enten det er politisk eller på andre måtar.

Vindkraftmotstandere på Haramsøya

MOTSTAND: Mange av innbyggarane på øya har vist motstand mot vindkraftverket på Haramsfjellet.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Årelang strid på øya

Vindkraftkonsesjonen blei gitt i 2009, men først i 2019 blei byggeplanane eit faktum. Då hadde det gått så lang tid at motstandarane på Haramsøya trudde prosjektet var skrinlagt.

Opphavleg vart det gitt konsesjon til 16 turbinar, men ekstremvindar gjorde at ein ikkje kunne bruke heile det planlagde området. Dermed blei talet på turbinar halvert og det same blei kraftproduksjonen

Nettopp dette har vore stridens kjerne i rettssaka. Vindkraftmotstandarane meiner konsesjonen blei gitt basert på ein langt høgare kraftproduksjon enn det som er mogleg, og dermed er ugyldig. Det vann dei ikkje fram med i retten.

Administrerande direktør i utbyggarselskapet Zephyr, Olav Rommetveit, har tidlegare uttalt at det har vore ei svært grundig saksbehandling av vindkraftanlegget gjennom mange år. Han har også avvist alle påstandane om at konsesjonen ikkje er gyldig.

Les også: