Hopp til innhold

To menn i 20-åra omkom i trafikkulykke på Nordmøre

Ein personbil har kollidert med ein lastebil på E39 i Gjemnes på Nordmøre. To personar vart meldt omkomne kort tid etterpå.

Dødsulykka skjedde på Høgset i Gjemnes kommune på Nordmøre.

– Klokka 16.20 fekk vi melding om ei møteulykke mellom ein personbil og ein lastebil. To personar sat fastklemde i personbilen. Begge vart erklært omkomne på staden, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, Kenneth Sætre, til NRK.

Ulykka skjedde på Høgset like ved Gjemnessundbrua, som er ein del av europavegen på strekninga mellom Molde og Kristiansund. Fartsgrensa på vegen er 80 kilometer i timen.

Trafikkulykke i Gjemnes

Frå ulykkesstaden på Høgset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Menn i 20-åra

Politiet opplyser klokka 21.45 at dei to omkomne er menn i 20-åra. Begge er frå Kristiansund. Dei pårørande er varsla.

Føraren av lastebilen skal vere uskadd.

Politiets kriminalteknikarar er per klokka 21.45 ferdige på staden. Ein patrulje var igjen. Bilberging og opprydding stod igjen.

– Det kjem neppe informasjon om grunn til ulykka i dag, seier Kenneth Sætre måndag kveld.

Vegen var stengt

Vegen var sperra og han var stengt heilt fram til klokka 22.35 måndag kveld.

I mellomtida var det skilta omkøyring.

Ifølgje politiet gjekk trafikken greitt per klokka 17.15.

Trafikkulykke Gjemnes

Politiet har sperre av området der ulykka skjedde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL