Foto: John Birger Våge
Ein mann i 30-åra omkom i ei trafikkulukke på riksveg 661 på Slyngstad ved Tennfjord i Haram kommune i søndag morgon.
Ein forbipasserande oppdaga personbilen som hadde køyrd av vegen. Ifølgje politiet har ulukka skjedd ein gong mellom klokka 6 og klokka 9.
Ingen andre køyrety var involvert i ulukka, opplyser politiet. Dette er den andre dødsulukka i Haram på tid.
Motorsykkel
På Larsnes i Sande kommune miste ei kvinne i midten av 50-åra livet i ei trafikkulukke i Drageskaret ved 11.30 tida søndag (bildet).
Kvinna som var passasjer på ein motorsykkel, blei kasta av sykkelen og over autovernet etter at føraren truleg mista kontrollen.
Ektemannen som køyrde motorsykkelen, kom frå ulukka utan fysiske skadar, opplyser politiet.
Alvorleg skadd
Og ein 12 år gamal gut blei send til sjukehus med alvorlege skadar etter ein trafikkulykke på riksveg 653 mellom Ulsteinvik og Eiksund søndag formiddag.
Guten som køyrde på sykkel, svingte ut i vegen og blei påkøyrd av ein bil som kom bakfra.