NRK Meny
Normal

– Aldri opplevd å starte våronna så tidleg

Bøndene er freista til å tjuvstarte våronna etter vekevis med mildvêr og snøfrie marker. Men gardbrukarane vert åtvara om å vere førebudde på at den bitande frosten kan kome.

Arnt Ove Varhol i Fræna

Fordelen med å starte pløyinga no er at det vert mindre arbeid seinare, seier gardbrukaren Varhol.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Åtte dagar inn i vintermånaden januar er Arnt Ove Varhol ute med traktoren for å pløye åkeren.

– Det er skikkeleg spesielt. Eg har aldri opplevd noko liknande før, seier gardbrukaren frå Fræna.

Midtvinters vårstemning

Då han kjente våren i lufta var det ikkje noko anna å gjere enn å leite fram plogen. Fordelen med å starte arbeidet allereie i januar er at Varhol sparer tid når våren faktisk er her.

– Våren er den mest hektiske tida for alle gardbrukarar. Så alt som kan bli gjort med pløying og grøfting no vil gi oss meir tid når våren faktisk kjem, seier Varhol.

Artikkelen held fram under biletet ..

Pløying på Varhol

Våren er veldig hektisk for gardbrukarane, og dei sparar difor tid på å begynne pløying no.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Vi er framleis midtvinters, og det er meir enn realistisk at den bitande frosten kan kome på besøk.

– Viss det kjem frost og gjer at det blir tele i bakken vil det bli ein utruleg fin jordstruktur. Jorda vert porøs, luftig og open – akkurat slik som dei gjorde før, seier Varhol.

Han fortel at før i tida pløygde bøndene markane om hausten slik at frosten skulle gjere jorda luftig.

– Ikkje gunstig for graset

Oddbjørn Kval-Engstad

Gardbrukarane bør kanskje ha litt is i magen når det gjeld å begynne pløyinga no meiner Oddbjørn Kval-Engstad.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det har vore mildvêr i fleire veker, og dei snøfrie markene er i ferd med å bli grøne allereie.

Rådgivar i Landbruk Nordvest, Oddbjørn Kval-Engstad, meiner at det ikkje er gunstig for graset at det vert tidleg vår. Han trur også at gardbrukarane skal vere forsiktig med å starte pløyinga no.

– Graset vert eigentleg lurt av dei milde temperaturane. Det kan hende at bøndene er litt for tidleg ute med pløyinga. Dei må i alle fall passe på å sjekke om jorda er blaut – det kan resultere i ei veldig samanklemt jord, seier Kval-Engstad.

Rådgivaren seier at det ikkje er noko i vegen for å pløye no viss jorda er tørr, og forstår godt at gardbrukarar vil begynne på den tidkrevjande pløyejobben. Han er derimot redd for at vi no skal få snø som ligg lenge.

– Viss vi no får frost og snø som ligg lenge vil vi få ein veldig treg vekststart fordi planten har brukt opp nistepakka si før våren kjem.

Sjå video frå tjuvstarten her!

Bøndene fristes til å tjuvstarte våronna etter ukesvis med mildvær og snøfrie marker som er i ferd med å grønnes.