Hopp til innhold

Pollensesongen kan snart vere her

Dersom mildvêret i januar held fram, er det dårleg nytt for pollenallergikarar. Då kan sesongen vere rett rundt hjørnet.

Byparken i Ålesund

Ein mild og snøfri vinter kan føre til at pollensesongen startar straks. I Ålesund er det grønt og mildt med temperatur rundt 10 grader.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Hallvard Ramfjord

Hallvard Ramfjord er pollenanalytikar og trur at årets sesong snart er i gong dersom mildvêret held fram.

Foto: NAAF

Mange stader i landet har vinteren så langt vore grøn og varm. Dersom mildvêret held fram vil blomstringa snart starte for artane som normalt kjem tidleg om våren.

– Det kan godt vere at pollensesongen startar tidleg i februar, seier pollenanalytikar Hallvard Ramfjord ved NTNU. Dei set i gong overvakinga av pollenspreiinga 20. januar.

Starta seinare før

På 80-talet var det normalt at spreiinga av pollen starta i månadsskiftet mars/april. Stadig oftare dei siste åra har sesongen starta tidlegare. Rekorden er 3. januar i 2008 i Oslo.

For allergikarar betyr ein tidleg start av pollenspreiinga at sesongen med rennande nase og auge vert forlenga. Artane som blomstrar tidleg vert påverka av temperaturen og startar dermed før. Artane som kjem seinare på sommar og tidleg haust flyttar seg ikkje.

– Sesongen totalt blir utvida og det er ikkje bra for dei som er allergiske, forklarar pollenforskaren.

Monica Dalseth

Monica Dalseth kvir seg til pollensesongen. Ho synest det ikkje er lenge sidan det førre vart avslutta.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

LES OGSÅ:

Er ikkje klar

Monica Dalseth er regionsekretær i Norges Astma og allergiforbund i Møre og Romsdal. Ho gruar seg til pollensesongen.

– Eg er ikkje klar for ein lang pollensesong. På kroppen kjennest ut som den førre sesongen akkurat er ferdig, seier Dalseth.

Tøff kvardag

Mange av pollenallergikarane har ein tøff kvardag og slit med hovudpine, kløe på kroppen og rennande nase og auge. Det er også vanleg at mange reagerer på enkelte matvarer i pollensesongen. Dalseth er vand med å ta mange forholdsreglar når det står på som verst. Å unngå å lufte og henge ut klede er eit av tiltaka.

– Vi kan godt få litt kulde no, slik at starten vert utsett. Eg gruar meg, seier Dalseth.

Kulde kan bremse

Pollenforskar Hallvard Ramfjord fylgjer nøye med vêrvarsling, men ser så langt lite som tyder på at blomstringa vert utset. Likevel tar han ikkje sorgene på forskot.

– Vi er tidleg i januar og plutseleg kan det kome kuldegrader. Då stoppar det heile opp, seier Ramfjord.