Hopp til innhold

– Du bør begynne med hagearbeidet no

Vi er fem dagar inn i januar månad. Midtvinters. Men rosespesialist Svein Haukebø er allereie i gong med planting av løkar i hagen. Her er tipsa du treng for å begynne hagearbeidet.

Haukebø Gartneri og Hagesenter

Drivhuset ved Haukebø Gartneri og Hagesenter er fylt med fargerike blomster. Men for å få hagen til å blomstre meiner rosespesialisten Svein Haukebø at du må begynne med stellet no.

Foto: Svein Haukebø

Haukebø Gartneri og Hagesenter vart starta så tidleg som 1910, og Svein er no tredjegenerasjons gartnar og einaste rosespesialist i Møre og Romsdal. Han vil at du skal begynne plantinga no.

Svein Haukebø

Haukebø har selt mykje bark, løk og jord siste dagane.

Foto: Svein Haukebø

Rosestilker ved Haukebø Gartneri og Hagesenter i Molde

Mange gjødslar ikkje hagen før dei kan ha på seg shorts, meiner Haukebø. Det er for seint.

Foto: Svein Haukebø
– Eg håper at vinteren vil behandle rosene bra, og så langt har det gått veldig fint. Mange er ute og jobbar i hagane sine no, og vi har selt både bark, løk og jord dei siste dagane. Sjølv er eg midt oppi å plante løk og hageplanlegginga for våren, fortel Svein.

Han meiner at det er ingen problem å plante løk no, sidan det ikkje tele i bakken.

– Når det gjeld rosene så bør folk ha is i magen og for all del ikkje skjere rosene for tidleg. Vi er i januar, og det kan komme full vinter enda sjølv om det har vore mildt lenge.

– Ta på termodressen og begynn hagearbeidet

Dei mest interesserte kundane har allereie vore hos Haukebø for å begynne hagestellet. Men det er ikkje veldig stor pågang. Men gartnaren oppfordrar folk til å ta på termodressen og begynne arbeidet.

Svein har mange gode råd å kome med for å få fine roser, men han legg vekt på gjødsling. Han meiner at folk gjødslar alt for seint. Helst bør ein komme i gang tidleg i april.

– Ein må ut å gjødsle tidleg! Folk gjødslar ikkje hagen før dei kan ha på seg shorts. Men då har vi gjerne passert St. Hans. Folk må på med termodressen tidleg på våren for å gjødsle, seier Svein.

Det er stort sett folk frå Molde-området som besøker rosespesialisten, men mange ringer frå heile fylket for å få dei beste roseråda.

– Ikkje bli overivrig! Ikkje skjer rosene for tidleg, la dei heller stå. Men ein kan sjølvsagt ha på kukompost. Eg anbefaler å begynne med raking av lauv og gjødsling no.

Artikkelen held fram under biletet ..

Svein Haukebø i gang med hagestell

Rosespesialisten Svein Haukebø legg vekt på at ein må begynne hagestellet tidleg.

Foto: Svein Haukebø

Favoritten lever opp til 100 år

Svein har ein klar rosefavoritt. Tidlegare var det mange som kjøpte klase- og stilkroser. Men han trur at det vil forandre seg.

– Folk er flinkare til å kjøpe dei sterke buskrosene som ikkje vert skadde like lett som klase- og stilkrosene, som berre har ei levetid på tre til fire år, seier han.

Haukebø sin favoritt derimot, buskrosene, kan leve frå ti til hundre år. Prisen er veldig lik, men buskrosene vert ein meter høge og får ei samling på omtrent hundre roser. Men plantar du klaseroser vil du få knappe ti blomar.

Svein Haukebø med ansvar for Molderosa

Rosespesialisten som ligg 3,5 kilometer vest for Molde sentrum har no drive i 104 år. Svein fortel at dei sel roser til turistar som vil ha med seg Molderosa heim.

– Mange legg turen innom her slik at dei får med seg ei ekte Molderose heim. Og det var vel «Rosenes By» som også gjorde at vi spesialiserte oss innanfor det.