Hopp til innhold

Sjå kva dei fann midt på vinteren!

I bygda Fjørå på Indre Sunnmøre held potetene seg framleis godt i jorda – fleire månadar på overtid.

Kåre Nerhagen og Ottar Flydahl

Fredag 3. januar kunne Kåre Nerhagen (t.v.) og Ottar Flydahl ta opp poteter i bygda Fjørå.

Foto: Alfred Nilsen

Tre dagar etter nyttår gjorde Kåre Nerhagen og Ottar Flydahl ei spesiell oppdaging då dei skulle hjelpe ein sjuk nabo med å pleie potetåkeren sin.

– Det hadde vekse ein del ugras på åkeren, og det er gjerne tungt å ta att. Dermed tenkte vi at vi skulle ta oss eit sjau og sjå korleis det stod til, fortel Kåre Nerhagen.

10 varmegrader

Sidan det var 10 varmegrader visste dei at det kom til å vere gode arbeidshøve i åkeren, men overraskinga var likevel stor då dei oppdaga at potetene såg ut til å ha klart seg godt i jorda heile tre månadar på overtid.

– Her vert potetene tekne opp i september eller seinast i oktober for å unngå frostskadar, så vi syntest det var spesielt å kunne ta opp poteter som normalt sjølv over nyttår, seier Nerhagen.

Aldri opplevd makan

Tilfellet er så spesielt at lokalavisa Storfjordnytt har nyheita som den første toppsaka i det nye året.

– Det har vore mildvêr før også, men det som har vore annleis denne vinteren er at det ikkje har vore berrfrost i det heile, seier 86-åringen som har budd i den vesle bygda heile livet, kommenterer potetplukkaren.

– Det var nokre dagar med kuldegradar tidlegare, men det varte ikkje lenge nok til at det fraus på jorda. Det var også ein periode med 60 centimeter med snø i desember, men snøen forsvann som dogg for sola med sønnavinden og ti varmegrader, legg han til.

Les også: Kongen får ikke nypoteter

– Blir ingen vane

Ugraset gjorde at det var færre poteter i åkeren enn elles, men dei som var att er fullt etande, hevdar Nerhagen.

– Dei er førsteklasses! Eg kokte nokre til middag i gå, dei sprakk og var så gode! Det var ikkje noko frost på dei i det heile, så det er tydeleg at det ikkje har vore frost i jorda der dei låg.

Likevel trur han ikkje at dei vil ta sjansen på å dryge potetopptakinga neste haust.

– Eg trur ikkje det vil bli ein vane. Det beste er å få dei opp i rett tid. Ein set jo potetene for å få nytte av dei, og ein kan fort risikere at dei får frostskadar om ein er for seint ute, åtvarar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL