Tjuvane kom ikkje langt
Ein mann i 20-åra og ein i 30-åra er pågripne i samband med eit innbrot og tjuveri i Ålesund i natt. Dei skal ha knust eit vindauge og tatt to maleri, men folk kom til og heldt på den eine mannen. Den andre blei pågripen litt seinare, og maleria kom raskt til rette.