Hopp til innhold

Tindefilm nominerte til Gullruten igjen

Denne gongen er filmselskapet nominert i kategorien «Beste originalmusikk» for filmen «Bit Ballerina Bulldog».

Filmteamet bak Bit Ballerina Bulldog

Teamet består av Jonathan Gregory, Sylvia Strand, Tor Sivertstøl, Hilde Nerland, Gry Molvær Hivju og Kristofer Hivju.

Foto: Svein Rune Nyland

Tindefilm, produksjonsselskapet frå vårt fylke, vann Gullruten for beste foto einkamera med Tor Sivertstøl frå Larsnes i 2014. Då for selskapets førre dokumentar, «Lysleite».

No er det musikkprodusentane i selskapet, Jonathan Gregory og Sylvia Strand som er nominerte. Dei to bur i Wales, men Strand kjem frå Ulsteinvik.

«Bit Ballerina Bulldog»

Karen Bit Vejle

Filmen handlar om Karen Bit Vejle, ein av verdas fremste papirklipparar.

Foto: Tor Sivertstøl

Denne filmen handlar om norsk-danske Karen Bit Vejle, som er rekna som ein av verdas fremste papirklipparar. I filmen får ein innblikk i kampen ho har med både tida og saksa, for å nå sin store draum.

– Det er heilt fantastisk å vere nominert, fortel Strand. Vi sit no på eit bakrom for oss sjølve og syslar og komponerer. No trur eg nesten vi kan seie at vi kan kalle oss komponistar på ekte, ler Strand.

Ho fortel at utanom ein popsong, så er det klassisk tonefølgje til denne filmen.

Komponistane

Komponistparet har jobba tett i lag med den prisvinnande filmskaparen og fotografen Tor Sivertstøl sidan han laga sin første kortfilm «Siste Vakt» i 2007.

Dei står og bak musikken til sju sesongar av TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», og til programma «Trollstigvegen», «Fjelldronninga» og Oddgeir Bruaset sin dokumentar om Dronning Sonja sitt forhold til norsk natur.

Sylvia Strand under den kypriotiske MGP-finalen

Sylvia Strand under den Kypriotiske MGP-finalen.

Foto: Skjermdump: CYBC

Musikken til Gregory og Strand er også brukt i diverse sportssendingar i BBC, samt at dei arrangerte, produserte og framførte Kypros sitt bidrag til Melodi Grand Prix i 2010.

Filmteamet

Dei som i tillegg til Gregory, Strand og Sivertstøl står bak filmen, er produsent Hilde Nerland, Gry Molvær Hivju med regi og manusforfattar Kristofer Hivju.

No må dei i samla tropp vente i spaning fram til Fagprisutdelinga av Gullruten skjer på Chateau Neuf i Oslo onsdag 27. april. Utdelinga blir vist på TV2 11. mai. 200 ulike bidrag har vore påmeldt i år, og Tindefilm konkurrerer med Gaute Tønder for «Kampen for tilværet» og Stein-Johan Grieg Halvorsen og Eyvind Andreas Skeie for «Idas dagbok».

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL