NRK Meny

Tiltalte for gruppevaldtekt

To menn i Molde er tiltalte for gruppevaldtekt mot ei jente i fjor sommar. Den eine skal også ha filma deler av overgrepa, og jenta skal ha vore så rusa at ho ikkje oppfatta kva som foregjekk. Ifølgje tiltalten kunne ho dermed ikkje sette seg til motverge. Tiltalen er tatt ut av riksadvokaten, og saka skal opp i Romsdal tingrett i mai.