Hopp til innhold

Tiltalt for valdtekt av 14-åring inne på skule

Ein 20 år gamal mann er tiltalt for valdtekt av ei 14 år gamal jente inne på ein skule på Nordmøre.

Statsadvokat Magne Nyborg.

Statsadvokat Magne Nyborg har tatt ut tiltale for valdtekt, etter at ein mann skal ha forgripe seg på ei 14 år gamal jente på Nordmøre.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Valdtekta skal ha skjedd i mars i år, inne på eit toalett på skuleområdet. Jenta skal ha ytt den motstand som ho makta, ifølgje tiltalen.

Statsadvokat Magne Nyborg er aktor, og har tatt ut tiltale for seksuell omgang.

– Ho har motsett seg handlinga, og han har oppnådd omgangen ved å halde henne fast, det er alvorleg. Ho er ikkje meir enn 14 år gamal, seier Nyborg.

Valdtekt etter straffelova § 291 har ei strafferamme på ti års fengsel.

Skal ha vore på flyttefot

Mannen skal ikkje ha tilknytning til ungdomsskulen der jenta gjekk. I ifølgje Nyborg skal han ha vore på flyttefot. Då dei to skulle ta avskjed, skal dei ha møttest på skuleområdet, og den då 19 år gamle mannen skal ha forgripe seg på henne. Jenta skal ifølgje Nyborg ha forklart at dei to var vener.

Wenche Brandstad

Wenche Brandstad er bistandsadvokat for jenta. Ho ønskjer ikkje å kommentere saka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Wenche Branstad er bistandsadvokat for jenta, ho ønskjer ikkje å kommentere saka. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå mannen sin forsvarar, Olav Cecile Bowitz.

– Vil skåne dei involverte

Ordføraren i den aktuelle kommunen seier dei gjer det dei kan for å skåne dei involverte i saka.

– Kommunen og skulen arbeider sjølvsagt for at oppveksten til ungane skal vere trygg, både i og utanfor skuletida. Det viktigaste i den konkrete saka er å handtere ho slik at den som står i ho ikkje opplever meir belastning enn absolutt nødvendig, seier ordføraren til NRK.

Det er sett av to dagar til saka i Nordmøre tingrett i slutten av november.