NRK Meny

Tiltalt for truslar med kniv

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for oppbevaring av narkotika, rusa køyring og køyring utan gyldig førarkort. Mannen i slutten av 20-åra er også tiltalt for å ha trua ein annan mann med kniv. Ifølgje tiltalen frå Sunnmøre tingrett skal han ha trua med å stikke ein kniv i kneet på mannen og vri den rundt fleire gonger.