Hopp til innhold

Omfattande overgrepstiltale

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for overgrep mot fleire barn. Mannen i 40-åra er også tiltalt for å ha oppbevart overgrepsbilete av born. Det skriv Sunnmørsposten.

Tiltalebenk

Illustrasjonsfoto

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I følgje tiltalen gjeld overgrepa seks ulike barn som alle var under 16 år. Forholda skal i følgje avisa ligge noko tilbake i tid.

Fleire av borna skal ha blitt utsett for fleire overgrep over lengre periodar.

Barneporno

Tiltalen omfattar også oppbevaring av overgrepsbilete av barn. Tilsaman omlag 2500 bilete og 150 filmar. Desse skal mannen ha lagra på minnebrikker, dvd-plater og på telefonen sin.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL