NRK Meny

Tiltalt for overgrep

Ein 41 år gamal sunnmørsmann er tiltalt for gjentekne seksuelle overgrep mot dottera. Overgrepa skal ha starta då jenta var åtte år gamal. Mannen er også tiltalt for overgrep mot ei 11 år gamal jente, og for å ha over 3000 bilete og videoar av barn ned i 5-års-alderen i seksualiserte situasjonar. Saka startar i januar.