Tiltalt for mishandling av familie

I dag starta rettssaka mot ein familiefar på Nordmøre, som er tiltalt for å ha mishandla kona og fire barn i over ti år. Mannen skal mellom anna ha nekta ungane mat og mishandla mora framfor dei. Det er sett av sju dagar til rettssaka.