Hopp til innhold

Tiltalt for aktlaust drap og brot på meldeplikt ved dødsfall

Ein mann i 30-åra frå Sunnmøre er tiltalt for brot på straffeloven § 281 og § 163, aktlaust drap og brot på meldeplikt ved eit dødsfall. Det melder Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har sidan desember 2021 etterforska ei sak der ein ung mann vart funne død utandørs i ein kommune på Sunnmøre.

Saka er no ferdig etterforska og statsadvokaten i Møre og Romsdal har tatt ut tiltale mot ein mann i 30-åra.

Tablettar

Ein mann tiltalt for aktlaust drap etter overdosedødsfall

Ein mann i 30-åra er tiltalt for aktlaust drap. Like før jul i 2021 blei kameraten funnen død i eit bustadfelt på Sunnmøre.