NRK Meny
Normal

Tilsynssak etter klage frå pårørande

Fylkesmannen opprettar tilsynssak mot legevakta i Sunndal.

Karin Müller Mikaelsen

Konstituert fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier at det er ein klage frå pårørande som har ført til at det er oppretta tilsynssak.

Foto: Fylkesmannen

Det handlar om ein pasient som vart henta av ambulanse og sendt heim att av ein vikarlege frå legevakta same dag. Pårørande har klaga på behandlinga.

Fylkesmannen skal undersøke om helsepersonell og legevakttenesta i Sunndal har brote reglar i helse- og omsorgslovgjevinga. Derfor ber dei om ei utgreiing frå det involverte helsepersonellet i Sunndal.

Dagen etter legevaktbesøket vart det på nytt ringt til legevakta. Det vart etterlyst råd, då pasienten skal ha blitt verre.

Pasienten fekk beskjed om å bruke eigen smertestillande medisin.

Forsvarleg helsehjelp?

Tre dagar seinare var pasienten hos fastlegen i Sunndal. Pasienten enda opp på sjukehuset for utgreiing og vurdering.

Dei pårørande som har klaga spør om det vart gitt forsvarleg helsehjelp til pasienten.

Tilsynssak

Fylkesmannen skal undersøke om det har vore brot på reglane.

Foto: Tore Ellingseter / NRK


Konstituert fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier til NRK Møre og Romsdal at dei tar sikte på å kome med ein konklusjon i tilsynssaka i løpet av fem månader.

– No er det oppretta tilsyn mot legevakta i Sunndal. Er dette ei stor eller lita sak, slik du ser det?
– Saka vart i utgangspunktet sett på som så alvorleg at vi starta tilsynssak. Eg kan ikkje seie noko meir før saksbehandlinga er ferdig.

NRK Møre og Romsdal har fått tilgang til sladda versjonar av dei førebelse saksdokumenta.

Vil vite kva som har skjedd

Fylkeslegen har bede den legevaktansvarlege i Sunndal kommune sende over ein komplett pasientjournal. Dei vil ha ei utgreiing om kva som har skjedd. Fylkeslegen vil også ha ein uttale frå personell som har vore involvert.

Helsesjef Kari Thesen Korsnes i Sunndal kommune har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i saka.