Tilsette er uroleg for kyrkjebygget

Dei tilsette i Ulstein sokn er svært uroa over slitasjen på Ulstein kyrkje. På bildet viser kyrkjeverje Christfried Kaul (t.v) og kateket Bjørn Losvik fram store sprekker i bjelkar som held oppe galleriet i kyrkja. Soknet ønskjer seg ei heilt ny kyrkje, men vanskeleg kommuneøkonomi gjer at dette ser ut til å ligge langt fram i tid. Denne veka vart formannskapsmedlemene i Ulstein orienterte om situasjonen for kyrkja som er frå 1800-talet.

Dei tilsette i Ulstein sokn er svært uroa over stoda for Ulstein kyrkje.
Foto: Arne Flatin / NRK