Hopp til innhold

Tiltalt for å skaffa seg seksuell omgang med pasient

Ein tilsett i Helse Møre og Romsdal skal ha misbrukt stillinga si til å skaffe seg seksuell omgang med ein pasient. No må han møte i retten.

Molde politistasjon

Politistasjonen i Molde.

Foto: Remi Sagen

Ein tidlegare tilkallingsvikar skal ifølgje politiet ha misbrukt stillinga si då ein kvinneleg pasient var lagt inn til behandling ved ein av klinikkane i helseføretaket i fjor.

Ifølgje tiltalen skal det ha skjedd ein gong, og det førte til at ho melde han til politiet.

– Ho var svært prega av dette like etter at det skjedde. No er ho glad for at det er tatt ut tiltale, då kjenner ho på at ho har blitt høyrt, seier bistandsadvokat Astrid Bolstad.

Astrid Bolstad

Bistandsadvokat Astrid Bolstad seier kvinna har vore svært prega av det som skal ha skjedd.

Foto: Wold&Co

Vedgår ikkje straffskuld

Roy Peder Kulblik er advokat for mannen som no er tiltalt for brot på Straffelova §295 og Helsepersonellova §67, med ei strafferamme på seks års fengsel.

– Han vedgår ikkje staffskuld, seier Kulblik.

Forsvararen opplyser til NRK at mannen raskt blei suspendert frå stillinga i Helse Møre og Romsdal.

Ifølgje helseføretaket var han tilkallingsvikar, men har ikkje noko tilsettingsforhold lenger.

Roy Peder Kulblik

Roy Peder Kulblik representerer den tidlegare tilkallingsvikaren ved Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Lovforslag om strengare reaksjon

Kvart år er det fleire tilsette i helsevesenet som forgrip seg seksuelt mot pasientane sine, i 2022 var det totalt 12 tilsette som miste autorisasjonen som følgje av dette.

Ein av dei var fastlege i Romsdal. Helsetilsynet konkluderte med at han hadde forgripe seg mot ein pasient, og politiet etterforskar saka mot han.

Regjeringa arbeider no med eit forslag om strengare reaksjonar overfor helsepersonell som forgrip seg mot pasientane sine.

Saka mot den tilsette går for retten i Møre og Romsdal tingrett i april.

I den første versjonen av saka sto det at mannen var tilsett ved Molde sjukehus, slik det framgår av tiltalen. Dette er ifølgje Helse Møre og Romsdal feil. Det korrekte skal vere at han var tilsett ved ein av klinikkane i helseføretaket.

Les også Skulda for å ha tatt ung pasient på brystvortene: No går legen til rettssak

Oslo tingrett