Stranda er blant kommunane med lågast arbeidsløyse i Noreg, og bedriftene kjempar for å skaffe seg arbeidskraft.
No lovar kommunen 30-40 gratis tomter til unge familiar som vil flytte til Stranda, fortel ordførar Frank Sve.
Sve meiner det å gje folk som vil bygge ein slik startpakke er ein fin måte å få fleire til å busette seg i kommunen på.
Må hente arbeidskraft frå utlandet
I går kom arbeidsløysetala for Møre og Romsdal. I Stranda er det 17 registrerte arbeidsledige. Derimot må bedriftene søke til utlandet for å skaffe seg arbeidskraft fortel Sve.
Ordføraren lovar gull og grøne skogar til dei som vil flytte til Stranda. Ny barnehage gjer at han kan love full barnehagedekning til hausten, godt kulturtilbod, mange ledige jobbar og gode kommunale tenester.