Hopp til innhold

Tilbake 27 år etter basehoppulykke

For 27 år sidan omkom den amerikanske basehopparen Carl Boenish, etter eit hopp i Trollveggen i Romsdalen. No er enka hans tilbake for å fortelje si spesielle historie til amerikanske filmskaparar.

Video Hoppenka
Foto: Nyhetsspiller

Carl Boenish vart den første av dei i alt åtte basehopparane som har omkomme på den populære hoppstaden, Trollveggen.

No skal filmskaparar lage dokumentarfilm om livet til Carl Boenish og enka Jean Boenish.

  • SJÅ TV-SAK NEDST I SAKA.

Hoppa etter mannen

Carl Boenish vert rekna som grunnleggjaren av basehopp, og han tok fleire verdsrekordar i 1984. Også kona Jean var aktiv basehoppar.

To dagar etter at Carl Boenish døde i ei basehoppulykke utførte Jean Boenish òg eit hopp frå Trollveggen. Men det var ikkje på grunn av mannen, sa ho til pressa etter hoppet.

– Carl har alltid meint at dersom noko skjer med han, så vil han at livet skal gå vidare, og ingen skal gå glipp av noko, sa Jean Boenish til NRK 27 år etter.

Jean Boenish

Her hoppar Jean Boenish frå Trollveggen i Romsdalen to dagar etter at mannen døydde. Pressa meldte på den tida at det såg dramatisk ut då fallskjermen snurra rundt fleire gongar.

– Vil slå an i USA

Filmskaparane er fascinerte av Romsdal, naturen og menneska. Dei meiner dette er ei historie som vil slå an i USA.

– Dette er eigentleg ei historie om personar som utforskar nytt område og tek sjansar. Då Carl og Jean starta med basehopping var det heilt nytt, fortel regissør Marah Strauch.

Filmskaparane

Dei som er med å lage dokumentaren om Boenish trur filmen vil bli ein suksess.

Foto: NRK

Angrar ikkje på noko

Jean Boenish er no tilbake i Åndalsnes for første gong etter ulykka til mannen for 27 år sidan. Trass i alt Jean Boenish har opplevd har ho ingenting ho angrar på.

– Eg angrar ikkje på mine basehopp. Det har vore flotte opplevingar, fortel ho.

– Eit hopp bringer alltid med seg glede, eller iallfall sjelefred.

Jean Boenish

Jean Boenish tilbake 27 år etter mannen døydde.

Jean Boenish meiner dokumentarfilmen som skal lagast ikkje berre er ei historie om hendinga då Carl Boenish døydde eller om livet og ettermelet hans.

– Det handlar òg om fridom og glede.

SJÅ TV-SAKA HER:

Video Hoppenka

Møt Jean Boenish 27 år etter og gamle tv-klipp her.