Tidlegare tilsette får betalt

Dei tidlegare tilsette i K.A. Aurstad får alle lønn og feriepengar. Det skriv Møre-Nytt. Det var i desember i fjor at bedrifta, som hadde base i Ørsta, gjekk konkurs og 212 tilsette mista arbeidet. – Det er utbetalt ein del pengar, men vi skal sørge for at dei tidlegare tilsette også får det som står att, fortel bustyrar Håvard Wiker til Møre-Nytt.