ULYKKA: Fjelltunvegen 26. mars 2008. Det utenkelege har skjedd.
Foto: NRKKOLLAPS: Fjellet bak blokka rasa ut, og blokka vart flytta framover.
PAKKAR: Elsa Peggy Eldøy er i full gang med pakkinga.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKDet er midt på natta 26. mars 2008. Fjellet bak bustadblokka i Ålesund rasar ut.
Bergmassane treff bygninga med så stor kraft at heile bustadblokka vert flytta 7 meter fram. Ei etasje blir fullstendig knust. Fem menneske mistar livet.
Ny blokk klar
Det er no over tre år sidan den rystande ulykka. I neste veke får bebuarane flytte inn i leilegheitene sine igjen.
– Det skal bli veldig spennande å få ligge roleg i senga neste gong eg ligg der. Det skal bli kjekt, seier Elsa Peggy Eldøy til NRK.
Ho og ektemannen pakkar no sakene sine for å flytte tilbake.
– Først feirar vi 17. mai, og så blir det ein ny 17. mai når vi får flytte heim igjen.
– Men tenker du mykje på det som er skjedd?
– Nei, det gjer eg ikkje. Har eg tankar om det, så handlar dei om dei som er borte. Eg har mine rolege stunder med dei, seier Elsa Peggy Eldøy.
Sjå video her:
- Sikraste tomta i landet
USTABILT: Fjellet bak blokka rasa ut.
Foto: NRKSIKKERT: Lars Roger Lundanes i Ålesund kommune trur Fjelltunvegen 31 no er den sikraste tomta i landet.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKKLART: Den nye blokka er klar til innflytting.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKLENGTA: Leiaren i sameiget, Oluf Holm, har lengta tilbake til takterrassen i Fjelltunvegen 31. I neste veke kan han flytte tilbake.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKALDRI MEIR: Tomta i Fjelltunvegen skal no vere sikra så godt, at dette aldri kan skje igjen.
Foto: NRKÅrsaka til raset var at fjellet bak blokka vart ustabilt då dei sprengte ut tomta for å sette opp bustadblokka.
No er det gjort store sikringstiltak i skråninga, for at dette aldri meir skal kunne skje:
– Det er vel inga byggetomt verken i Ålesund eller i Noreg som er så nøye undersøkt som denne tomta her, så då burde vel tryggleiken vere så god som han kan bli, seier Lars Roger Lundanes som er fagleiar for bygning i Ålesund kommune.
LES OGSÅ:
Vil selje
Men ikkje alle som eig leilegheitene vil bu her. Pårørande til fleire av dei omkomne kjem til å selje.
– Det var nokon som ikkje kom ut. Foreldre har mista sine barn, og det var vanskelege tider for mange, seier formannen i sameiget, Oluf Holm.
– Det pregar dei sjølvsagt, og vi må forsøke å hjelpe dei.
Er ikkje redd
Elsa Peggy Eldøy ringte til AMK den natta blokka rasa saman.
Ho ba om hjelp. Fortalte at huset hadde rasa saman. At det kjendes som eit stort jordskjelv. Likevel er ho ikkje redd når ho no flyttar attende.
– Eg har ikkje ofra ein tanke på at det ikkje skulle vere trygt. Det er gjort eit så solid arbeid, seier Eldøy.
– Eg trur heile byfjellet Aksla må dette ned om det no skal skje noko. Og det gjer det nok ikkje.