Hopp til innhold

Ein av landets farlegaste vegar – ikkje ei krone til rassikring

Statens vegvesen meiner vegen er den nest mest rasutsette i heile landet. Etter ekstremvêret «Dagmar» var han stengd i to år. No er bygda isolert igjen.

Otterdal, Otterdalsstranda.

RAS: Sidan tysdag morgon har vegen i Otterdalsstranda i Volda vore stengd. Dette er einaste veg til og frå bygda.

Foto: Arve R. Nes Sleveland / Møre og Romsdal fylkeskommune

Ein smal veg langs Hornindalsvatnet knyter den vesle bygda Otterdal saman med omverda.

Då Reidun Otterdal køyrde til jobb tysdag morgon var alt som normalt.

Ti minutt seinare køyrde mannen Thore og to av sønene etter. Då hadde stein, jord og tre dundra ned fjellsida og sperra vegen.

– Det var uhyggeleg. Vi kom litt for nært på, seier ho.

Ras i Otterdalsstranda.

NÆR: Familien Otterdal hamna på kvar si side av raset. Dei køyrde heimanfrå med berre nokre minutts mellomrom.

Foto: Arve R. Nes Sleveland / Møre og Romsdal fylkeskommune

– Eg stoppa for å kaste vekk ein stein eit stykke før det store skredet. Kanskje var det den stoppen som gav oss dei rette marginane, fortel Thore Heggen til Fjordingen.

Også for ti år sidan blei bygda isolert. Orkanen «Dagmar» sette Europas djupaste innsjø i kok. Vegen blei skylt vekk, og det tok nesten to år fikse.

Vegopning Otterdalen

OPNING: Delar av familien Otterdal i 2013. Då kunne dei sleppe jubelen laus for den nye vegen til bygda. No er vegen stengd, og vert omtala som ein av dei mest rasfarlege i landet. Her saman med tidlegare fylkesordførar i Sogn og Fjordane Åshild Kjelsnes, tidlegare ordførar i Hornindal Anne-Britt Øen Nygård og Margot Åsebø frå Statens vegvesen

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Nest mest rasfarleg i landet

I fjor peika ein rapport frå Statens vegvesen ut vegen som den nest mest rasfarlege i landet.

Kåre Berge er byggeleiar på staden. Han anslår at skredet er rundt 700 kubikkmeter stort. 200 kubikk av massen ligg på vegen.

– Vi vil opne vegen så fort som råd. No har geologar undersøkt området med drone. Dei har konkludert med at det er ikkje trygt å sende mannskap inn for å rydde i dag, seier Brege.

Kåre Berge, Fylkesveg Møre og Romsdal på vegen i Otterdalsstranda.

STENGD: Byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune framfor bommen i Otterdalsstranda. No er vegen stengd. I morgon vil dei bruke helikopter for å inspisere fjellsida.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ikkje sett av pengar til sikring

Dei komande ti åra har ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune sett av pengar til rassikring av denne vegen.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen omtalar strekninga som svært rasfarleg.

– Men den er så godt som umogleg å sikre. Den einaste løysinga som kan gjere vegen rassikker er tunnel, seier Tønnesen.

Ras i på vegen mot Otterdal.

700 M³: Møre og Romsdal fylkeskommune sine anslag viser at raset er rundt 700 kubikkmeter stort.

Foto: Arve R. Nes Sleveland / Møre og Romsdal fylkeskommune

Han peikar på at fagfolk var kjende med dette då vegen vart bygd opp på ny etter stormen «Dagmar». Sidan den gong har vegen blitt ein del av Volda kommune i Møre og Romsdal.

– Burde ein bygd tunell då, i staden for å reparere vegen?

– Det er vanskeleg for meg å svare på dei vurderingane som Sogn og Fjordane gjorde då dei hadde ansvaret for vegen. No har vi tatt over og prøvar å drifte vegen på best mogleg måte, seier Tønnesen.

Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen i Møre og Romsdal fylkeskommune

FYLKESVEGSJEF: Ole Jan Tønnesen er fylkesvegsjef i Møre og Romsdal. Han seier at den rasfarlege strekninga på rundt 4 kilometer er umogleg å sikre. Om vegen skal vere trygg for ras må ein byggje tunnel.

Foto: Gunnar Sandvik

Enormt behov

Leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe Jenny Følling (Sp) seier det er eit enormt behov for pengar til å sikre mot ras på både riks- og fylkesvegar.

– Overføringane til fylka må minst tredoblast samanlikna med det dei får i dag, seier ho.

Ifølgje Følling viser kartleggingar at ein treng 71 milliardar til rassikring i Noreg dei neste åra. Ho seier det er ein tung jobb å få fokus på dette nasjonalt.

– Ras er stort sett eit problem langs kysten frå Rogaland og nordover. Det mange i resten av landet som ikkje skjønar korleis det er å vere avhengig av ein rasfarleg veg, seier Følling.

Jenny Følling

UTFORDRANDE: Jenny Følling er politikar for Senterpartiet og leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe. Gruppa jobbar for å sette fokus rassikringsproblematikk, og å auke midlane som skal bli nytta til rassikringstiltak. Ho synes det er utfordrande å få nasjonalt fokus på problemet.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Må plukke stein fleire gongar i veka

Reidun Otterdal og familien vert stadig minna på rasfaren.

– Vi må plukke stein ut av vegen fleire gongar i veka, seier ho.

Saman med dei andre fastbuande håpar ho på tiltak.

– No valde dei å ikkje byggje tunnel førre gong. Vi får berre sjå kva dei finn ut no. Det er klart at tunnel hadde vore det aller, aller tryggaste, seier Otterdal.

No har Volda kommune hyra ein skyssbåt som kan frakte folk og varer til bygda fram til vegen vert opna igjen.

Ras Otterdalsvegen, Reidun Otterdal.

RASFARE: For Reidun Otterdal og dei andre fastbuande i bygda er rasfare ein del av kvardagen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL