Hopp til innhold

Regjeringa skulda for «Oslo-briller» etter budsjettbråk

Det brutte ferjeløftet rører opp regionale spenningar. På Vestlandet blir regjeringa skulda for å ha «Oslo-briller».

et par kvinner som sitter ved et bord med mat og drikke

«AUSTLANDSBUDSJETT»: Julia Sunde meiner at ferjetabben røper ei blindsone i regjeringa: Berre fire av 69 statsrådar og statssekretærar i regjeringa er frå Vestland.

Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

Ferjetabben er prisen for at vestlendingane er utraderte frå regjeringa. Det er påstanden til kaffitørste sogningar i industribygda Høyanger.

Julia Sunde reagerer på det ho kallar «eit veldig Oslo-fokusert» budsjettframlegg frå Arbeidarpartiet.

– Dei skal vere partiet for folket, men inkluderer ikkje distrikta. Det synest eg er for dårleg, seier ho.

Ho ønsker seg meir mangfald i regjeringa for å spegle flest mogleg perspektiv:

– Eg har mange venninner som seier at ferje ikkje betyr noko. Det er så, men det påverkar meg og familien min. Sånn er det. Vi tenker automatisk meir på dei miljøa vi kjenner.

Dronebilde Høyanger

Høyanger-samfunnet er bygd på og rundt aluminiumsfabrikken til Hydro, og har tradisjonelt vore ein Arbeidarparti-bastion. Symbolisert ved at 1. mai har vore ein større festdag enn 17. mai.

Foto: NRK

Borte på eldrekafeen sit Olav A. Vågan.

Det med ferjene, det er blodig urettferdig. Dei har ein tendens til å gløyme oss, seier han.

Med «dei» meiner han hovudstaden, og med «oss» meiner han Vestlandet.

Ei oppteljing i Bergensavisen viser at berre fire av 69 statsrådar og statssekretærar i Støre-regjeringa er frå Vestland fylke.

Tre av desse er «parkerte» i Kulturdepartementet, som kontrollerer mindre enn éin prosent av statsbudsjettet.

Avisa gjer vidare eit poeng av at Jonas Gahr Støre for det meste er omgitt av austlendingar. Berre éin av dei sju statssekretærane til statsministeren er kjem utanfrå.

Det hadde vore kjekt om det var fleire vestlendingar, seier Randi Fasmer, ein annan av kafegjestene i Høyanger.

Ho meiner det vestlandske flogvitet kunne halde «Oslo-dominansen» i sjakk, og bidratt til eit meir balansert budsjett.

  • en person som sitter ved et bord med en person som står bak seg

    – Vestlandet har hamna i bakevja, seier Johhny Fossheim.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK
  • en person som smiler til kameraet

    – Vestlendingar kjenner dette på kroppen. Ferjene er jo vegane våre, seier Randi Fasmer.

  • en mann som holder en kopp

    – Oslo har ein tendens til å gløyme oss, sier Olav A. Vågan.

    Foto: Heidrun Sunde Stokke / NRK

Avslører eit Oslo-syn på distriktspolitikk

Då Senterpartiet gjekk ut av regjeringa, blei fire Sp-statsrådar frå Vestlandet erstatta med fire Ap-statsrådar frå Oslo vest.

Dagleg leiar i tankesmia Initiativ Vest, Mathias Fischer, meiner at ferjesaka og studiegjeldssaka «avslører eit Oslo-syn på distriktspolitikk» rundt Kongens bord:

Det verkar som regjeringa tenker på desse sakene meir som forhandlingskort i møte med Senterpartiet – enn som tiltak som betyr noko for folk.

Eg veit ikkje om ein må bu i Oslo for å tenke på den måten, men det gjer det nok enklare.

Dette må du vite om budsjettkonflikten

  • Hva har skjedd?

    Arbeiderpartiet foreslår å kutte ordningene gratis ferge og sletting av studielån i statsbudsjettet for 2026.

    Det gjør partiet til tross for at de under valgkampen i sommer lovte at ordningene skulle fortsette.

    Det får samarbeidspartiene Senterpartiet og SV til å reagere. Flere politikere – både på venstre- og høyresiden – anklager Arbeiderpartiet for å lyve til velgerne.

  • Hvordan svarer Ap?

    Statsminister Jonas Gahr Støre sier partiet ikke har løyet til velgerne.

    Han forklarer situasjonen med at de gjorde en feil i hvordan de kommuniserte under valgkampen.

    Både Støre og flere politikere fra Ap beklager likevel at de hevdet under valgkampen at gratis ferge og lånsletting skulle fortsette med en Ap-regjering.

  • Hva skjer videre?

    I løpet av høsten skal partiene på Stortinget samles for å forhandle om statsbudsjettet.

    Det gjelder først og fremst Arbeiderpartiet og partiene på venstresiden – Senterpartiet, SV, MDG og Rødt.

    Senterpartiet sier imidlertid at de ikke vil forhandle før Arbeiderpartiet legger gratis ferge og studielån-sletting inn igjen budsjettet.

    SV sier at hvis Arbeiderpartiet gir etter for Sps krav, må de også etterkomme SVs krav – blant annet om økt barnetrygd.

    Støre avviser enn så lenge kravene fra samarbeidspartiene.

    – Jeg forholder meg ikke til Senterpartiets utspill, som jo handler om litt forskjellige ting, sier han til NRK.

Stortingsrepresentant for Hordaland, Helge André Njåstad (Frp), konstaterer at regjeringa ber om å bli trudd på at dei ikkje laug om gratisferje med overlegg.

Det er prisen for å sjå verda innanfor ring 3: Då blir eit notat om ferje rett og slett ikkje fanga opp som viktig nok.

Sjå fleire reaksjonar under.

  • Trygve Slagsvold Vedum med skjegg
    Amanda Pedersen Giske / NTB

    Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet

    Ap-regjeringa er enormt sentrert rundt Oslo. Statsministeren, finansministeren, helseministeren og utanriksministeren er frå Oslo Ap. Kuttinga av gratis ferjer langs kysten og fjerning eller utradering av ordninga med sletting av studiegjeld i 189 kommunar er klare bevis på dette.

  • Erna Solberg med halskjede
    Gorm Kallestad / NRK

    Erna Solberg, Høgre-leiar

    Eg må jo vere ærleg og seie at eg forstår at mange vestlendingar kjenner seg oversett av dagens regjering. Vi opplever at viktige samferdselsprosjekt blir nedprioriterte, utan at landsdelen blir kompensert på andre måtar – og det bidrar til ei oppleving av at avgjerdene blir tatte langt unna dei det gjeld.

  • Torgeir Næss, ordførar Kvam herad
    Tale Hauso

    Torgeir Næss, ordførar i Kvam herad og leiar i Vestland Arbeiderparti

    Alt er ikkje svart for Vestland, det er eg ikkje med på. Det er fleire større kulturbyggprosjekt som er med på statsbudsjettet. Det same gjeld samferdselsprosjekta, K5, Sotrasambandet, Seljestad-Røldal. Så eg er ikkje med på at det er heilsvart. Men vi er skuffa over for eksempel skredsikring ikkje kom inn, sjølv om vi hadde eit klart landsmøtevedtak på at det skulle aukast betydeleg.

  • en person som står i en gang
    William Jobling / NRK

    Marthe Hammer, finanspolitisk talsperson i SV

    Som Gudmund Hernes sa: Kor ein står kjem an på kor ein sit. Det er openbert ein geografisk dimensjon her, men alle prosjekt er heller ikkje bra for Vestlandet. Det å vere imot Hordfast inneber ikkje å vere motstandar av Vestlandet.

  • en mann i dress
    William Jobling / NRK

    Marius L. Dalin, stortingsrepresentant, MDG frå Sogn og Fjordane

    Skepsisen vi har vestpå er ikkje særleg original, men eit uttrykk for at vi alle ser når vi blir forfordelte, samtidig som vi kanskje gløymer dei gongene vi får noko ekstra. Eg deler langt på veg analysen når det gjeld lite samferdselsmiddel til Vestlandet. Så var det ei sterk prioritering av distrikt framfor storbyar i den siste omlegginga av kommuneøkonomien som styrker småkommunane vestpå.

  • Helge Andr Njåstad
    Bror Kvammen Bjerke

    Helge André Njåstad (Frp), stortingsrepresentant for Hordaland

    Det er tydeleg at distriktspolitikk ikkje er det som fenger mest interesse hos dei viktigaste i regjeringa når dette kunne skje og dei ber om å bli trudd på at det ikkje var løgn med overlegg. Då er det fordi eit notat om ferje rett og slett ikkje blir fanga opp som viktig nok. Eg synest det er eit problem ja at for stor del av regjeringa er Oslobasert og ser verda innanfor ring 3.

  • Erling Sande kommunal- og distriktsminister Sp
    Ina Marie Sigurdsen

    Erling Sande, stortingsrepresentant for Senterpartiet

    Då Senterpartiet gjekk ut av regjeringa i vinter, valde Arbeidarpartiet å erstatte fire Sp-statsrådar frå Vestlandet med fire A-statsrådar frå Oslo vest. Leiar og nestleiarar i sentralstyret og stortingsgruppa til Ap er også no i stor grad frå Osloområdet. Dette påverka sjølvsagd også politikkutforminga. I Senterpartiet er det eit viktig mål at heile landet er representert.

  • Bjørn Lødemel

    Bjørn Lødemel, leiar i Sogn næringsråd

    Eg trur det vil bli meir krevjande å nå fram til makta i regjeringa enn det har vore, og vi ser også at Vestland manglar representasjon i den svært viktige Transportkomiteen på Stortinget. Likevel er dette ei mindretalsregjering som må ha støtte frå mange parti på Stortinget, så her blir det svært viktig å spele på dei strengane ein har.

  • Mathias Fischer, daglig leder Initiativ Vest
    Linnea Skare Oskarsen

    Mathias Fischer, dagleg leiar i Initiativ Vest

    Eg meiner ferjesaka og studiegjeldssaka avslører eit Oslo-syn på distriktspolitikk. Dette er to tiltak som skal gi insentiv til å flytte til og bu i distriktskommunar, og da må det vere føreseielegheit og truverd. Når dei blir føreslåtte fjerna over natta på denne måten, verkar det som regjeringa tenker på politikken som eit forhandlingskort.

  • Arnar Kvernevik (Ap) er ny ordførar i Gloppen kommune.
    Arne Stubhaug

    Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen kommune

    Personleg meiner eg, med perspektiv sett frå nordre del av Vestland, at nasjonalbudsjettet i større grad burde gå til å ruste opp eksisterande infrastruktur, så som E39, riks- og fylkesvegar og ikkje minst rassikring, før ein brukar store summar på prosjekt med marginal samfunnsnytte.

54 milliardar kroner til nytt regjeringsbygg

Ideen om at vestlendingane kjem til kort har røter i ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk som har definert kystkulturen i fleire hundre år, og kom sist til overflata da eit «Vestlandsopprør» spreidde seg langs kysten for to år sidan.

Sidan har det som blir karakterisert som «ein serie fornærmingar» i statsbudsjettet – blant anna knytt til ferjer, rassikring og ein skipstunnel – heilt ny bensin på bålet.

Les også Mista huset til tunnelen som ikkje kjem: – Vi er haldne for narr

en mann med briller

På toppen er det fleire som poengterer at det nye regjeringskvartalet i hovudstaden har ein prislapp på 54 milliardar kroner.

Til samanlikning vil det koste regjeringa rundt éin milliard kroner å gjere retrett på ferjestøtta og studielånssletta.

Derfor er mange vestlendingar misfornøgde med forslaget til statsbudsjett. Sjå under.

  • Steinras i Flekkefjord
    Per-Kåre Sandbakk

    For lite ras- og skredsikringsmidlar

    Landsmøtevedtaket om «stor auke av ras- og skredsikringsmidlar til riks- og fylkesvegnettet» som kokte ned til ei enkel prisjustering.

  • Småkraft, Tussa energi
    Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

    Grunnrenteskatt på småkraft

    Nytt innslagspunkt slik at også småkraft må betale grunnrenteskatt, som i sin tur betyr mindre eigedomsskatt til «kraftkommunane».

  • En båt i vannet
    Lars Petter Kalkenberg / NRK

    Farvel til gratisferje

    Farvel til gratisferje. Sidan valet har Arbeidarpartiet sletta nettsida der dei skryter av å ha «gjort ferjene til samfunn utan vegsamband til fastlandet gratis».

  • Førde Sentrum
    Matilde Sunde Solsvik

    Farvel til gjeldssletteordninga

    Farvel til gjeldssletteordninga for studielån i 101 kommunar.

  • Pass fingeravtrykk passavdeling passkontor Oslo

    Farvel til passkontor

    Farvel til 14 passkontor.

  • Stad skipstunnel
    NRK

    Farvel til Stad skipstunnel

    Farvel til skipstunnelen.

  • Eksos kan også føre til demens
    David Paul Morris / AFP

    «Avgiftssjokk» på fossilbilar

    «Avgiftssjokk» på fossilbilar i form av høgare CO2-avgift (63 øre per liter) og høgare vegbruksavgift (31 øre).

  • En park med lekeplass og fjell i bakgrunnen
    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    Kommuneøkonomi

    Til sist er overføringane til kommunane mindre enn det mange ordførarar forventa.

Sentral konfliktlinje i norsk politikk

Eg forstår at mange vestlendingar kjenner seg oversett, seier bergensar og tidlegare statsminister Erna Solberg.

– Når nesten alle statsrådar og statssekretærar kjem frå Oslo og Austlandet, er det fare for at den geografiske balansen – og dermed også politikken – blir skeiv.

Regionale spenningar og spørsmål om representasjon er like gamle som grunnlova, og har vorte identifisert som den mest sentrale konfliktlinja i norsk politikk.

Les også Bråk etter at Oslo fekk statlege arbeidsplassar

c-yE_znuDj0

Tidlegare Høgre-statsråd Torbjørn Røe Isaksen har introdusert det grenlandske omgrepsparet «innaforr» og «nerrafor» for å sette ord på motsetningane mellom dei ulike landsdelane.

– «Innanfor» handlar ikkje berre om eit konkret, politisk system som ligg eit stykke unna, men om ein meir flytande elite som har både politisk, økonomisk og – kanskje viktigast – kulturell makt. Denne eliten legg premissane for den store, nasjonale samtalen, skriv han.

Les også Staten lova i aust og vest – NRK sjekka kvitteringane

Framdrift Nerlandsøybrua- fylkest største prosjekt

Vestland må ikkje definere oss som fiendar av Austlandet

Arnar Kvernevik (Ap) er ordførar i Gloppen, ein av kommunane som fall ut av ordninga med nedskriving av studiegjeld.

Han åtvarar likevel mot å spele opp dei regionale motsetningane meir enn nødvendig:

Vi i Vestland ikkje må definere oss som fiendar av Austlandet, vi er trass alt éin nasjon, seier han.

Det viktige er at vi har ei nasjonal prioritering som opplevast rettferdig, og der Vestlandet får sin del av investeringane i infrastruktur og tryggleik.

Han legg til:

Ville fleire vestlendingar i regjeringsapparatet støtta opp om dette? Tja eg er ikkje sikker, det er i alle tilfelle ikkje likegyldig kva slags vestlendingar som eventuelt kunne fylle rolla. Ofte er personlege eigenskapar viktigare enn kvar du kjem frå.

Les også Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Statsminister Jonas Gahr Støre i Stavanger

Les også «Oslo-sentrisk» lønnsutval skaper bråk i resten av landet: – Pinleg

Johan Sverdup-feltet

Les også Færre arbeidsplassar vert flytta ut i distrikta

Dronebilde Høyanger