Hopp til innhold

Kritiserer sitt eige parti etter kulturarv-diskusjon

Det har blåst rundt Monika Tettli det siste døgnet, etter at KrF-representanten stilte spørsmål ved kulturminister Hadia Tajik (Ap). Tettli meiner den kristne kulturarven blir utradert. No meiner ho at eige parti bør stå ved hennar side.

Monika Tettli

Monika Tettli meiner KrF bør fronte verdidebatten mykje sterkare enn dei gjer. Her diskuterer ho ei anna sak.

Foto: Arnt-Ove Tenfjord / Haramsnytt

– Dei fleste reaksjonane har vore positive så langt. Eg har fått pepar, noko som var venta, men eg stilte faktisk berre eit spørsmål.

Det seier Monika Tettli, kvinnepolitisk talskvinne for Kristeleg Folkeparti i Møre og Romsdal.

I eit lesarinnlegg, publisert i fleire aviser, kritiserte Tettli det ho meiner er norske myndigheiter si flørting med islam. I tillegg stilte ho kritiske spørsmål kring kulturminister Hadia Tajik.

– Det går an å spørje kva regjeringa tenkjer med å innsetje ei ung muslimsk kvinne som kulturminister. Kva veit ho om vår kristne kultur?

– Det kan sjå ut som ho har fått jobben Stoltenberg sine folk har byrja på: Å utradere vår kristne kultur, og opne dørene for ein anna kultur. Det er eit farleg prosjekt, seier Tettli til Dagbladet.

– Det er jo vårt land!

Til NRK.no meiner Tettli at det må vere lov å stille spørsmål.

– Det må vere lov i ytringsfridomens namn.

– Men der er ein klar undertone om at den nye kulturministeren vil radere ut den kristne kulturarven?

– Det veit eg ikkje, men tida får vise. Eg har stilt eit spørsmål, og så får vi sjå korleis ho (journ. anm. Hadia Tajik) vil forvalte den norske kulturarven, seier Tettli.

Ho er klar på at ho fryktar å miste den kristne kulturarven.

– Det skjer i det stille. For nokre år sidan blei det ikkje lov med bordvers i barnehagane. Så kom debatten kring julegudstenesta i skulane. Vi har mange ting, som sakte, men sikkert, blir teke frå oss. Ting som har vore i vår tradisjon.

Ho meiner Noreg tek for mykje omsyn.

– Heile tida skal det vere snakk om at vi ikkje skal støyte andre, ikkje støyte minoritetsgruppene.

– Men det er jo vårt land! Og innvandrarar kjem hit fordi vi har bygd opp eit demokratisk land tufta på kristne verdiar. Kvifor skal ikkje vi vere stolte av det?, undrar Tettli.

Monika Tettli

Monika Tettli meiner islam manglar både nestekjærleik og toleranse.

Foto: Arnt-Ove Tenfjord / Haramsnytt

God kjennskap til islam

KrF-kvinna frå Brattvåg på Sunnmøre har sjølv god kjennskap til islam. Ho har tidlegare vore gift med ein muslim i 30 år.

– Kva er det du spesifikt fryktar?

– Det er store konfrontasjonar mellom islam og kristendomen. Det kan vi berre sjå i Midt-Austen, der vi ser kva muslimane gjer mot andre muslimar som konverterer til kristendomen.

– Det er ikkje lov. Konvertittar her i landet blir trakasserte. Då seier det seg sjølv at islam ikkje er i samsvar med kristen kulturarv, seier Tettli.

Ho meiner islam manglar vesentlege ting.

– Det finst ikkje nestekjærleik i islam, heller ikkje noko toleranse. Alle som ikkje er muslimar blir sett på som dhimmiar, som betyr «annanrangs borgar». Ut frå det kan ein enkelt drage eigne konklusjonar, sukkar ho.

Er krass mot sitt eige parti

Ho peikar på indoktrineringa i islam, og meiner det er nok å lese utsegna til muslimane sjølve.

– Kan du forstå at du skaper bølgjer i det politiske miljøet med slike utsegn? Utsegn som gjer at KrF-leiaren må be kulturministeren om unnskyldning?

– Nei, eigentleg ikkje. For eg har berre fronta rein KrF-politikk. KrF burde sjølve fronte verdidebatten mykje sterkare.

Tettli meiner partiet har mista brodden.

– Og difor mistar partiet også veljarane.

– Dette er KrF sin politikk, ikkje nokon andre sin. Den kristne kulturarven burde vere høgt oppe på KrF sin agenda, seierTettli.

Ho fortel at ho ventar på telefon frå den kvinnepolitiske gruppa sentralt i KrF. Ho er usikker på kva som skjer om dei ikkje har tillit til henne.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL