Hopp til innhold

Testa positivt for mutert virus

Personen som tidlegare vart meldt smitta etter et besøk i Ålesund har testa positivt for ein mutert virusvarianten av korona. Det skriv kommunen i ei pressemelding. Vedkommande var tilreisande frå Viken, og har returnert til heimstaden.

Ein av nærkontaktane til vedkomande har no utvikla symptom, og vart testa i dag. Testsvar er førebels ikkje klart, men ein har sterk mistanke om at vedkommande er smitta av koronavirus. I perioden før vedkommande fekk symptom var vedkommande i kontakt med fleire personar. Førebels er 14 personar sett i karantene knytt til dette utbrotet.

Kommunelegen i Ålesund oppmodar om at personar som har vore på desse plassane om å teste seg på sin lokale teststasjon:

Barnas Lekeland i Spjelkavik: 20.2 kl. 14:30- kl. 16:30

Bybadet i Ålesund i tidsrommet: 21.2 kl. 10.30 – kl. 13.00

Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 22.2 kl. 12.00 – kl. 15.00 (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokala for utleige av ski)

Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 23.2 kl. 12.00 – kl. 13.00 (avgrensast til personar som har vore inne i varmestova og inne i lokale for utleige av ski)

Cafe Milano i Spjelkavik i tidsrommet: 21.2 kl. 20.00-22.00

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL