Oppdatert: Telia har no retta feilen. I ein e-post til NRK skriv Telia at dei beklagar så mykje til dei kundane som blei råka.
Kundar hos Onecall og Telia opplevde feil fleire stader i landet. Det opplyser informasjonssjef i Telia Norge Daniel Barhom til NRK.
Klokka 13.30 opplyste Telia at dei framleis hadde problem.
– Vi har fullt fokus på feilretting, og ser no ei betring når det gjeld telefonsamtalar. På BankID og SMS opplever dessverre enkelte kundar framleis problem. Vi beklagar sterkt ulempene overfor våre kundar, skreiv Barhom då i ein e-post til NRK.
Tidlegare i dag fekk NRK opplyst at dei ikkje har kontroll på kor mange kundar som er råka, men at rundt 10 prosent av samtalane ikkje gjekk gjennom.
– Vi jobbar på spreng med feilsøking, seier Barhom.
BankID: Ein del teliakundar får ikkje logga inn på BankID for mobil.
Foto: SKJERMDUMP