Hopp til innhold

Teletrøbbel for storfamiliar

Telenor vil ikkje endre på Fri familie-pakken, trass reaksjonar frå kundar med større familie enn seks personar.

Mobiltelefon

Illustrasjon

Foto: Rainer Prang / NRK

Sverre Henriksen er Telenor-kunde og har fem barn, men får ikkje med både kone og alle barna i ordninga. Han meiner at marknadsføringa dermed er misvisande.

Fleire reaksjonar

Telenor vedgår at dei har fått fleire telefonar frå kundar som stiller spørsmål ved taket på seks familiemedlemmar. Informasjonssjef Knut Sollid seier det blir for dyrt å endre ordninga no, men forstår at folk kan reagere.

Kjernefamilie

Da Telenor skulle utforme systemet for Fri Familie, måtte dei bestemme seg for kor mange som skulle vere del av ein slik pakke, og gjekk ut ifrå eit makstal på fem medlemmer i eing gjennomsnittleg kjernefamilie i Noreg.

Sverre Henriksen står likevel fast på at eit så stor selskap må ta høgde for at ikkje alle familiar er like, og vurderer å bytte selskap.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL