Teip og plast

Måten pakken var laga på førte til mistanke om at det kunne vere ein farleg pakke. Det opplyser politiet til NRK. Pakken er surra med teip og plastfolie og er plassert like ved inngangspartiet til flyplassen på Vigra.

– Den er kanskje ikkje ulik pakkar som blir med i vanleg bagasje, men han er umerka og plassert inn til bygget på ein unaturleg måte. Det gjer at vi er mistenksame, seier innsatsleiar Arne Lid Skodje til NRK.

Vigra evakuert
Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK