Hopp til innhold

Taxiforbundet vil sikre at ingen juksar med drosjekort

Noregs taxiforbund varslar medlemene sine om at det ikkje er akseptabelt å trekke ekstra pengar på drosjekort for funksjonshemma. Det skjer etter ein rekorddyr drosjetur på Sunnmøre nyleg.

Ålesund Taxi sine lokale i Ålesund

Taxisjåføren i Ålesund taxi ville «hjelpe» Aleksander å bruke opp pengane på drosjekortet. Dermed blei det trekt 7000 kroner frå drosjekortet hans.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Per Morten Bjørlykke

Per Morten Bjørlykke er fylkesleiar i Noregs taxiforbund. Han er sjokkert over det som har skjedd.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var like før jul at Aleksander Erstad frå Ålesund betalte i dyre dommar for ein kort drosjetur heim frå bestemora. Turen kostar vanlegvis rundt 500 kroner. Denne gongen blei det trekt 7000 kroner frå drosjekortet til den funksjonshemma mannen.

– Eg blei rysta då eg høyrde om det. Det er så trist at eg har ikkje ord, seier fylkesleiar i Noregs taxiforbund, Per Morten Bjørlykke.

Drosjesjåføren hevdar at det var den funksjonshemma mannen som bad han ta ekstra betalt for å sikre at han får same sum på kortet neste år.

Bjørlykke har aldri høyrt at dette er ein vanleg måte å gjere det på.

– Eg er skremt visst sjåførane våre som vi gir tillit til, bryt denne, seier fylkesleiaren.

Skal inn i opplæringa

Øystein Trevland

Øystein Trevland er styreleiar i Noregs taxiforbund.

Foto: Norges Taxiforbund

Noregs taxiforbund sentralt reagerer også kraftig. Styreleiar Øystein Trevland seier at dei tar avstand frå slike handlingar. At slikt skjer andre stader er ukjent for dei.

– Vi synest det er uakseptabelt og at dette må få konsekvensar for sjåføren, seier Trevland.

Taxiforbundet sender no ut informasjon til alle sine medlemmar om saka. Bruken av TT-kort bør også bli ein del av opplæringa av nye sjåførar, meiner Trevland.

– Gi heller blomster

Bente Lund Jacobsen

Eldreombod Bente Lund Jacobsen vil fylgje med på saka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Aleksander Erstad

Aleksander Erstad sit i rullestol og brukar ofte drosje for å kome seg nokon plass.

Foto: Privat

Leiaren i Ålesund taxi, John Breivik, beklagar det som skjedde. Både han og drosjesjåføren seier til NRK at dei kjenner til at dette også har skjedd før. Breivik trur enkelte kundar ønskjer å gje det han kallar ei påskjønning til trufaste sjåførar mot slutten av året.

Også eldreombod Bente Lund Jacobsen har inntrykk av at dette skjer også andre stader i landet.

– Det er ille fordi det er fellesmidlar. Det er utnytting av systemet, seier ho.

Ho veit at mange av dei eldre set stor pris på drosjesjåførane og får god hjelp av dei.

– Det er hyggeleg å gi dei ei påskjønning, men då må kunden heller gi ein blomsterbukett. Å ta imot slike store pengegåver er ikkje moralsk riktig, seier Jacobsen. Ho vil fylgje nøye med på utviklinga i saka.

Blir politisak

Møre og Romsdal fylkeskommune har varsla at dei vil melde saka til politiet rett etter nyttår. Det same gjorde dei i ei liknande sak der ein annan drosjesjåfør i Ålesund nyleg fekk bot og erstatningkrav etter å ha trekt for mykje på eit drosjekort.

Dagleg leiar John Breivik i Ålesund Taxi skriv i ein epost til NRK at den rekorddyre køyreturen til Aleksander Erstad har fått konsekvensar for drosjesjåføren. Breivik vil ikkje utdjupe kva det inneber, og viser til at det er ei personalsak.