Hopp til innhold

Den korte drosjeturen frå bestemor kosta Aleksander 7000 kroner

Turen som vanlegvis kostar 500 kroner blei plutseleg svindyr for funksjonshemma Aleksander Erstad. Drosjesjåføren ville berre «hjelpe» han å bruke opp pengane på drosjekortet.

Aleksander Erstad

Aleksander Erstad sit i rullestol og brukar ofte drosje for å kome seg nokon plass.

Foto: Remi Sagen / NRK

Før jul skulle Aleksander Erstad (37) besøke bestemora si, som bur 6,5 kilometer unna. Familien i Ålesund blei overraska då dei oppdaga kva sunnmøringen hadde betalt for heimturen, gjennom drosjekortet sitt.

– Vi blei sinte og frustrerte. Kven kan gjere noko slikt, seier søstra til Aleksander, Merete Erstad Finsæther. 37-åringen har cerebral parese, er psykisk utviklingshemma og sit i rullestol.

Miljøarbeidar slo alarm

Det var ein miljøarbeidar på bustaden til Erstad som slo alarm og varsla familien.

Ifylgje familien skal drosjesjåføren ha sagt til Aleksander at det var lurt å bruke opp så mykje pengar som mogleg på kortet, før nyttår.

– Eg synest det er uetisk, sjølv om Aleksander ga drosjesjåføren beskjed om å trekke ekstra. Ho er sikker på at broren ikkje har kome på dette sjølv.

Gjennom ei eiga ordning for funksjonshemma har Erstad eit verdikort tilsvarande 200 turar.

Merete Erstad Finsæther saman med Aleksander Erstad

Merete Erstad Finsæther saman med broren Aleksander. Ho er frustrert over det som skjedde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Innrømmer forholdet

Drosjesjåføren arbeider for Ålesund Taxi og seier til NRK at det var Erstad sjølv som bad om at han skulle trekke ekstra.

Sjåføren seier at det er godt kjent blant kollegaene at ein del drosjepassasjerar har TT-kort, og at dei vil kvitte seg med pengane på kortet før årsskiftet for å få like mykje neste år. Pengane til 37-åringen er no er tilbakeført.

Dagleg leiar John Breivik i Ålesund Taxi beklagar det som skjedde.

– Vi syns dette er svært beklageleg og vil gjere det vi kan for å unngå at det skjer igjen, seier han. Han har høyrt om liknande saker før, og trur motivet kan vere at enkelte kundar ønskjer å gje det han kallar ei påskjønning til trufaste sjåførar mot slutten av året.

Vil melde til politiet

Jesper Wiig

Jesper Wiig i fylkeskommunen seier at fylkeskommunen skal no gå gjennom retningslinene neste år og vil sjå på korleis ein kan unngå svindel.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seksjonsleiar Jesper Wiig i Møre og Romsdal fylkeskommune seier at dei ser svært alvorleg på saka.

– Dette er midlar som er tiltenkt ei sårbar gruppe. Det at nokon misbrukar og utnyttar denne ordninga er svært beklageleg, seier Wiig. Fylkeskommunen kjem til å melde saka til politiet.

Ifølgje Møre og Romsdal politidistrikt var det ein annan drosjesjåfør som tidlegare i år fekk ei bot på 15 000 kroner og måtte betale 18 000 i erstatning for å ha svindla til seg knappe 20 000 kroner for mykje frå eit slikt TT-kort.

Ingen poeng i å tømme kortet

Karsten Aak

Karsten Aak er generalsekretær i Blindeforbundet. Han meiner drosjesjåføren har misforstått ordninga.

Foto: Tuva Skei Tønset / NRK

Generalsekretær Karsten Aak i Blindeforbundet seier at ordninga er svært viktig for at brukarane skal ha eit aktivt liv. Han meiner drosjesjåføren har misforstått korleis ordninga fungerer. Ein brukar får ikkje mindre pengar neste år, sjølv om han ikkje brukar opp pengane dette året.

– Kortet blir fylt på att 1. januar, så eit underforbruk vil kome andre til gode, seier Aak. Det er dermed ikkje noko poeng i å tømme kortet.

Fryktar for ordninga

For Aleksander Erstad betyr drosjekortet svært mykje.

No fryktar familien at slike episodar skal øydelegge ei god ordning.

– Eg veit ikkje om den sårbare gruppa blir utnytta eller om det er ei misforstått godheit. Uansett synest eg ingenting om det, seier Finsæther.

Vi gjer merksam på at Merete Erstad Finsæther er i nær familie med ein NRK-tilsett.

Hei

Har du tips som du meiner eg bør sjå på?