Hopp til innhold

Taus Sve

Verken ordførar Frank Sve eller andre medlemmar av formannskapet i Stranda vil seie noko no om kva som blir gjort vidare i rådmannsaka.

Frank Sve (FrP)
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Saka blei drøfta i formannskapsmøtet seint i går kveld etter at Sve hadde gått ut i media og sagt at han ikkje lenger har tillit til rådmannen.

Konklusjonen etter møtet er at formannskapet står samla om det vidare arbeidet og er innstilt på å finne ei konstruktiv løysing.

Sve seier han ikkje vil kommentere saka utover dette.

Les også: Krev forklaring frå Sve