Hopp til innhold

Krev forklaring frå Sve

Jan Ove Tryggestad (Sp) krev ein full gjennomgang av striden mellom Stranda-ordførar Frank Sve og rådmann Ole Johan Lillestøl under det ekstraordinære formannskapsmøtet i dag.

Frank Sve
Foto: Trond Vestre / NRK

I lokalavisa Sunnmøringen har Sve sagt at han ikkje har tillit til rådmannen og ønskjer å fjerne han.

Kommunestyret i Stranda har kritisert rådmann for manglande kontroll med økonomien.

Men Tryggestad tar sterkt avstand frå Sve sitt utspel som han meiner er svært uheldig.

Ordførar Frank Sve er overraska over det Tryggestad seier og meiner han burde kjenne bakgrunnen for kritikken.

Sve seier formannskapet skal få den informasjonen dei ber om under møtet i kveld.