Hopp til innhold

Taper millionar på byggeforbod

Byggeforbodet som er innført i områda rundt Åkernesremna er svært uheldig for næringsutviklinga i kommunane på indre Sunnmøre.

Åkernesremna
Foto: NRK

Det meiner strandaordførar Frank Sve. Alt tyder på at byggeforbodet iallefall vil vare eit år.

Kommunaldepartementet vil fram til sommaren utarbeide ei risikovurdering som skal danne grunnlag for vidare utgreiingar.

Stoppar utviklinga

Sve meiner dette er altfor lang tid. Han fryktar at kommunane i området kan tape utbyggingsprosjekt i millionklassen som følgje av byggeforbodet. Ordføraren skal ha møte med fylket om saka måndag, og vil også jobbe for å få eit møte med statsråden.

I følge Sve har alt fleire bedrifter lagt utvidingsplanane sine på is på grunn av byggeforbodet. Dette meiner han er svært uheldig.

Hotellplan på is

Styreleiar i selskapet 62 Nord, Knut Flakk, stadfestar Sve si bekymring. Dei har inntil vidare skrinlagt planane sine om hotell på Hellesylt. Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjøne kva dette gjer med næringslivet, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL