Svært liten respons
Mattilsynet kartlegg om nokon vil ta på seg vakter, sjølv utan avtale mellom Staten og Veterinærforeininga, men så langt er det svært få som har tatt kontakt med regionkontoret for Mattilsynet, seier direktør Bjørn Røthe Knutsen. Av dei 42 vaktdistrikta som høyrer inn under Mattilsynet i Møre og Romsdal og Trøndelag, har 11 gitt tilbakemelding. Berre 3-4 veterinærar frå eitt vaktdistrikt i Nord-Trøndelag har takka ja, seier Knutsen.
Foto: Gunnar Sandvik
Ingen i Møre og Romsdal
Dermed er det ingen dyrlegar her i fylket som har takka ja til å ta på seg natt- og helgevakter før det ligg føre ein ny avtale mellom Landbruksdepartementet og Veterniærforeininga. Så lenge det ikkje er nokon avtale, er det Mattilsynet sine beredskapsveterinærar som må rykke ut dersom det ikkje er mogleg å få tak i ein lokal dyrlege.
Avtale må på plass
Dei offentlege veterinærane har beredskap for å ta seg av akutte dyrevernproblem eller smittsame sjukdomar. Eit fåtal av dei har medisinar og utstyr til å praktisere som dyrlegar. Det er difor heilt naudsynt å få på plass ein avtale, seier regiondirektør i Mattilsynet, Bjørn Røthe Knutsen.
– Vi kan vanskeleg erstatte ei vaktordning som rullar med 220 veterinærar utan at vi får på plass mesteparten, seier Knutsen.