Hopp til innhold

Syrisk familie på ti måtte flykte - og kom til Haram

Fleire hundre syriske flyktningar kjem til norske kommunar i sommar. Til Brattvåg kom ein familie på ti.

Denne sommaren kjem over seks hundre syriske flyktningar til norske kommunar. Haram er ein kommune som har lang erfaring med busetting av flyktningar. For ei veke sidan kom ein familie på ti, - mor, far og åtte barn til eit hus med hage i Brattvåg.

Sjå TV-reportasjen om familien som måtte flykte frå Syria. For kort tid sidan fekk dei hus med hage i Brattvåg.

Shirin Sayed

Shirin Sayed ser optimistisk på opphaldet i Noreg og håper barna kan ta utdanning.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Denne sommaren kjem over seks hundre syriske flyktningar til norske kommunar. Haram er ein kommune som har lang erfaring med busetting av flyktningar. For ei veke sidan kom ein familie på ti; mor, far og åtte barn til eit hus med hage i Brattvåg.

Behov for tryggleik

– Det er eit stort informasjonsbehov og eit stort behov for tryggleik. Spesielt det siste. Det prøvar vi å imøtekome ved å vere tilgjengelege og treffe dei enkelte av dei med sine behov, seier flyktningkonsulent Marit Gaustad i Haram kommune.

Dei er ein stor familie. Far hadde fire barn frå før då han møtte Shirin. Så har dei fått fire i lag – til saman åtte barn. Foreldra håper det går dei godt.

Far Zaid Ismaeel seier familien føler seg vel her – og ikkje minst trygge. Mor Shirin Sayed ser gode moglegheiter og håper at dei fullfører utdanning Så vil ho at kvar og ein bestemmer sjølve kva dei vil bli.

Artikkelen held fram etter bildet.

Marit Gaustad

Marit Gaustad har vore ein pådrivar for å få familien til Haram. Få dagar etter at dei kom, fekk ho vere vitne til at yngstedottera Rania tok sine aller første steg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Gir tilbake gjennom borna

Haram kommune har mykje erfaring med busetjing av flyktningar. Her har fleire hundre har fått sin første heim i Noreg og blitt ein del av samfunnet For somme er det litt rart å plutseleg skulle ta imot hjelp frå framande, og det hadde også Zaid Ismaeel beklaga seg for til Gaustad.

– Då svara eg: Ja, hjelper vi deg, men om nokre år har du kanskje ein sjukepleiar, ein lærar og ein advokat sidan du har fire tenåringar. Med ti års hardt arbeid kan ungane vere ferdig utdanna i samfunnet.

Familie på ti

Eit romsleg hus frå 30-talet og ein stor hage i fredfulle omgjevnader. Familien føler seg heime i Brattvåg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL