Hopp til innhold

Superspiss på lånt tid

Han avgjorde kampen mot latviske Jelgava. Om halvannan månad går kontrakten ut.

Baye Djiby Fall

JUBEL: Djiby Fall jublar etter skåring tidlegare i sesongen, her saman med Magne Hoseth. (Arkivfoto.)

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Eit minutt på overtid var det den innleigde spissen som sikra Molde 1-0 og siger mot Jelgava torsdag kveld.

LES OGSÅ: Molde-seier på overtid

Djiby Fall har berre kontrakt ut august.

Stigande form

- Me må berre sjå kva som skjer. Eg og mange andre ser fram til å få vite det, men no må eg fokusere på neste kamp. Det er det viktigaste, seier han.

Senegalesaren viser seg no fram som den måltjuven Molde satsa på då dei henta han på lån frå russisk fotball.

Djiby Fall har vist stigande form i dei siste kampane i eliteserien, der han har skåra åtte mål.

Mot Jelgava i går hadde han fleire store sjansar før han smelte inn sigersmålet på overtid.

LES OGSÅ: Viser seg fram for MFK

Ventar på Sandefjord

Djiby Fall forstår at alle lurer på om han blir verande i MFK ei stund til.

Molde ønskjer å leige han ut sesongen, men ingenting er avklart.

Djiby Fall seier han no ser fram til å ta imot botnlaget Sandefjord.

- Dette vert ein tøff kamp, men me treng poenga. Me må bruke tida fram til søndag på å førebu oss godt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL