Hopp til innhold

Sunnmørsk peparkakeby

Det er ikkje berre Bergen som kan skilte med by som er laga av peparkakedeig.

Pepperkake
Foto: Torill Øvrelid / NRK

I dag opna også peparkakebyen i Ålesund.

Ålesund som peparkakeby

Han er nok ikkje like stor som peparkakebyen i Bergen. Og han har fått leve i fred, så han er ikkje så berømt som peparkakebyen lenger sør på Vestlandet. Men no er han open for publikum, og han er plassert på Ålesund bibliotek.

- Det er ikkje så veldig mange byggverk. Men dei vi har fått inn er jo så flotte. Og bygningsarbeidarane har jo brukt så mykje tid, energi, fantasi og kreativitet. Dei har berre vore så flinke, seier formidlingsbibliotekar Sissel Haugen.

Ålesunds-byggverk

Bygningane i peparkakebyen tek utgangspunkt i kjende byggverk i Ålesund. Spjelkavik kyrkje er med og det same er Color Line stadion.

Peparkake Ålesuns

Spjelkavik kyrkje i peparkakeutgåve.

Foto: Torill Øvrelid / NRK

- Det er så mykje flott, og dei har fått med seg så mange detaljar. Der er riktig tal på hjørne på kyrkja, tårnet er plassert for seg sjølv ved sida av kyrkja, og det er fint pynta ned melis og sukkertøy. Dei er tydelegvis kry av kyrkja si i Spjelkavika, seier Sissel Haugen.

Auksjonerast

Bygga skal auksjonerast. Inntektene går til barneavdelinga på Ålesund sjukehus. I samarbeid med eit eigedomsmeklarfirma i Ålesund skal det utarbeidast prospekt, slik at dei som skal by skal få god og korrekt informasjon om byggverka.

- Dette skal gjennomførast som "amerikansk auksjon", det vil seie at alle må betale det dei faktisk byr, seier Haugen.

Pepperkake stadion Ålesund
Foto: Torill Øvrelid / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL