Hopp til innhold

Sunnmørsbadet held budsjettet

Sunnmørsbadet AS la i dag fram tal for 2015 som viser pluss i rekneskapen. Etter snart halve 2016 styrer aksjeselskapet mot budsjettet på 104 000 besøkande. Tala for rundt 9,5 månader drift i fjor var på 92 000 besøkande.

Godt besøk på Sunnmørsbadet

Gode tal for Sunnmørsbadet i Herøy

Sunnmørsbadet vart bygd og etablert med overskridingar og turbulens, men når anlegget no har vore i drift i rundt 15 månader viser besøkstala at dette er ein kommersiell suksess. Besøkstala er betre enn forventa og økonomien på drifta er god. Resultatet før skatt var på knapt 800 000 kroner. Driftsresultatet var på 2,8 millionar kroner og omsetnaden på over 10 millionar.

Er i rute

Dagleg leiar, Karl Petter Sortehaug, seier til NRK i dag at dei er i rute i forhold til budsjettet for 2016. Sjølv med ein litt roleg start på sommaren, skal dei kunne nå målet om 104 000 besøkande før året er omme.

Karl Petter Sortehaug, Sunnmørsbadet

Karl Petter Sortehaug, Sunnmørsbadet.

Foto: Arne Flatin / NRK

NRK er innom anlegget i dag, og kundane som vi snakkar med er svært fornøgde med Sunnmørsbadet. Mange er faste gjester, og er der minst ein dag i veka. I helgane er det mykje folk som kjem frå andre stader. Mange frå Ålesund, og folk kjem frå Gudbrandsdalen også. Sortehaug trur sunnmøringane, også dei som må ta ferje, heller reiser til Fosnavåg enn nordover til Molde.

Sortehaug er trygg på at Sunnmørsbadet skal greie seg godt også neste år når det kjem badeanlegg i Ulsteinvik. Han definerer det som eit badeland, sjølv om Ulstein kommune ikkje gjer det. Han trur det er potensial til to anlegg på Sunnmøre, men då bør det også vere "ferdigbygd" som han seier. Han trur ikkje det er plass til fleire enn anlegga i Fosnavåg og det som kjem i Ulsteinvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL