Hopp til innhold

Suksess med omstilling

Sykkylven Stål har blitt vand til å finne nye bein å stå på. Utfordringar i møbelindustrien og seinare i den maritime næringa har gjort at bedrifta måtte finne nye marknader å selje produkta sine til. Dei siste åra har dei investert mellom 20 og 30 millionar kroner i ny teknologi. Dei har også utvikla ein ny stolkonstruksjon som skal gi betre komfort. Investeringane, saman med nytenking, gjer at dei no opplever stor interesse frå møbelprodusentar i inn- og utland.