Ulykka skjedde truleg laurdag, og dei to måtte overnatte i fjellet. Margareth Nessa var student ved Høgskulen i Volda. Den andre kvinna, som no er innlagt på sjukehus, fekk ikkje varsla om ulykka før ved midnatt natt til i dag. Den omkomne blei funne omlag to og ein halv time seinare.
Samlingsstad for berørte
Mange medstudentar frå Høgskulen i Volda deltok i leitinga, og hendinga går sterkt inn på medstudentane ved høgskulen, fortel rektor Gunnar Stave. Høgskulen har sidan klokka tre i natt hatt eit tilbod til dei som har behov for å samlast og snakke om det som har skjedd. Ved høgskulen blir tilsette og studentar informerte om hendinga i dag, og det blir minnestund i morgon.
Andre dødsulukka
Det er andre gongen dette skuleåret at ein student ved Høgskulen i Volda omkjem i ei ulukke. I november i fjor omkom ein student etter å ha blitt tatt av ein brottsjø ved Stad.