NRK Meny

Strynefjellsvegen: Tilrår trasè

Statens vegvesen la fram si tilråding om traseval for Strynefjellsvegen under ein konferanse i Geiranger i dag. Tilrådinga inneber ein over 16 kilometer lang tunnel frå Skåre til Breidalen som vil koste 3,8 milliardar kroner. Ei seks kilometer lang tunnelarm til Geiranger vil i tillegg koste 1,6 milliard, men staten legg til grunn at Møre og Romsdal fylkeskommune tek kostnaden.