Straumbrot på Midsund
I dag klokka 11.00 var det eit straumbrot som råka heile Midsund.
– Dei fleste har no fått straumen tilbake, med unntak av 198 kundar i området Heggdal-Orset, melder Elinett.
Årsaka til straumbrotet skal ha vore trefall på høgspentlinja. dette skal ha skjedd i samband med skogsarbeid. Ein montør er på veg til staden, opplyser Elinett.